Hopp til innhold

Pingvinane lokkar dei lokale

Talet på utanlandske gjestar går ned, men med pingvinane trekkjer Atlanterhavsparken til seg lokale gjestar.

Trond Østrem matar pingvinar i Atlanterhavsparken

Trond Østrem er ein av akvaristane som kvar dag ikler seg pingvindress og matar pingvinane i Atlanterhavsparken.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Akvarist Einar Wiik med pingvinane
Foto: Åge Andre Breivik / NRK

- Det var litt meir regn i fjor, og særleg på Austlandet, seier Einar Wiik.

- Vi merka at det var veldig mykje folk frå Austlandet som kom hit i fjor, fortel han.

Det fine veret som har vore på Austlandet i år har vist att i besøket frå landsdelen på Atlanterhavsparken.

Viktige pingvinar

Det dei har sett meir av på Atlanterhavsparken i år er lokale besøkande. Både frå Trøndelag og nedover kysten mot Bergen meiner Wiik at det har kome meir folk.

Og det er ein attraksjon som dreg folk i år, fortel akvaristen. Nemleg pingvinane.

Pingvinar i Atlanterhavsparken
Foto: Åge Andre Breivik / NRK

- For oss, økonomisk og publikumsmessig, så er dei ganske viktige, seier Wiik.

- Sommaren er ikkje den viktigaste tida, men resten av året er den veldig viktig, seier han.

Populære årskort

- Det er veldig viktig for oss å kunne fornye oss og få noko nytt. For folk blir lei av å sjå same fiskane opp att heile tida. I alle fall dei som kjem frå nærområdet, meiner Einar Wiik.

- Når vi då har fått pingvinar, som er ein flott attraksjon, og artig å sjå på, og finn på litt sprell inni mellom, så er det berre positivt for oss, seier han.

Talet på solgte årskort har gått opp mykje på Atlanterhavsparken som følge av at pingvinane no har kome til Sunnmøre.

Pingvinmating i Atlanterhavsparken

Pingvinmatinga er eit populært innslag i Atlanterhavsparken. Kvar dag kl 14.30 samlar det seg fullt med folk rundt pingvinbassenget for å sjå matinga.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Positivt med lokale gjestar

Pingvinane har kome i fleire puljer til akvariet i Ålesund. Dermed har det vore forskjellig nivå på kva fuglane gjer i området dei har tilhald i.

Nettopp difor er det mange som kjem for å besøke akvariet gang etter gang, trur Wiik. Han meiner det ikkje er eit stort problem at dei lokale no tek over for dei utanlandske turistane i akvariet.

- For oss er det berre positivt. Det er ikkje turistane frå utlandet vi siktar mest på. Det er folk rundt oss vi vil ha inn, seier han.

- Til fleire av dei vi får, til betre er det, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no