Hopp til innhold

Slik får Ahmed hjelp til å oppfylle draumen om jobb i Noreg

Tre år på skule kombinert med praksis på verft skal gi Ahmed Trad Alabid (36) frå Syria fagbrev som industrimekanikar. Integreringsdirektoratet applauderer prosjektet.

Ahmed Trad Alabid

Ahmed Trad Alabid trivst veldig godt på Larsnes Mek. Der er han no to dagar i veka det første skuleåret.

Foto: Arne Flatin / NRK

Alabid måtte flykte frå Syria i 2015, og kom til Noreg saman med kona og to born. No bur familien på Larsnes i Sande på Sunnmøre.

Ahmed Trad Alabid trivst godt på Larsnes Mek

Ahmed Trad Alabid har praksisplass på Larsnes Mek i Sande, nær den nye heimplassen sin.

Foto: Arne Flatin / NRK

–Eg synest det er veldig kjekt her. Av og til må eg bruke teiknspråk for å gjere meg forstått for arbeidarar frå Polen og Litauen, men det går bra, ler Ahmed Trad Alabid.

I Syria studerte han juss, men måtte flykte før studiane var avslutta. Å ta opp att jusstudiar i Noreg meiner han ville vere vanskeleg.

– Det er stor forskjell på lovar og reglar i dei to landa, seier han.

36-åringen er ein av fjorten flyktningar som no er godt i gang med ei treårig industrimekanikarutdanning. Dette er eit pilotprosjekt der kommunar, Møre og Romsdal fylke, Nav og den maritime næringa er med.

Direktoratet applauderer prosjektet

Direktøren i Integrerings og mangfoldsdirektoratet, Libe Rieber-Mohn, synest prosjektet med utgangspunkt i Ulstein kommune er interessant.

Liebe Rieber-Mohn

Liebe Rieber-Mohn er direktør i Integrerings og mangfoldsdirektoratet. Ho seier prosjektet på Søre Sunnmøre er interessant, ikkje minst på grunn av regjeringa sin strategi om integrering gjennom kunnskap.

Foto: NRK

– Ikkje minst er dette bra sett i lys av regjeringa sin integreringsstrategi der det er særleg fokus på utdanning, kvalifisering og kompetanse, seier Rieber-Mohn.

Ho meiner opplæringstilbod til innvandrarar i Noreg i større grad bør bidra til å fylle gapet mellom den kompetansen den enkelte har med seg og behova for kompetanse i arbeidsmarknaden.

– Fleire ferske flyktningar bør få læreplassar, fagbrev og ein stabil jobb på sikt. Godt samarbeid er avgjerande for å lukkast med dette, seier Rieber-Mohn.

Ulstein vart vertskommune

Det var i fjor at Ulstein kommune vart vertskommune for pilotprosjektet der fleire kommunar, Herøy vidaregåande skule, Nav og Maritim foreining på Søre Sunnmøre (MAFOSS) vart med.

Ann Cesilie Skundberg, MAFOSS

Ann Cesilie Skundberg er prosjektleiar for MAFOSS, og har ansvaret for å følgje opp dei 14 elevane som tek industrimekanikarutdanninga. Mellom anna besøker ho dei ein gong kvar månad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Prosjektleiar Ann Cesilie Skundberg seier samarbeidet mellom det offentlege og næringslivet fungerer godt. Ho følgjer opp dei 14 elevane kvar månad med besøk i bedriftene, og på skulen i Herøy.

– Utan formell kompetanse er der liten sjanse for å kome inn på den norske arbeidsmarknaden som ein ettertrakta arbeidstakar. Å bruke ressursar i ein kortare periode for å sikre at busette flyktningar skaffar seg nødvendige kvalifikasjonar, vil i eit lengre løp kome heile samfunnet til gode, seier Skundberg.

Næringslivet er positive

Jarle Gunnarstein, Larsnes Mek

Jarle Gunnarstein er dagleg leiar for Larsnes Mek. Han synest prosjektet er svært positivt, og var aldri i tvil då dei vart spurt om å ta imot Ahmed i eit treårig løp, sjølv om dei har svært travle dagar for tida med mykje arbeid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sjefen for Larsnes Mek, Jarle Gunnarstein, seier dei har mykje å gjere no, men han var likevel ikkje i tvil om at dei skulle ta i mot Alabid då dei fekk spørsmålet.

Når dei møtest på beddingen på verftet ber han Alabid om å vere tolmodig. Enkelte dagar handlar det berre om å observere, medan han gjerne vil lære mest mogleg på kortast mogleg tid. Gunnarstein er imponert over prosjektet og samarbeidet på tvers av det private og det offentlege. Han har god tru på at dette vert ein suksess.

Trivst på skulebenken

På Herøy vidaregåande skule har lærar Per Rune Tødenes norskundervisning for dei 14 elevane, som for det meste kjem frå Syria og Eritrea.

Ahmed trivst i klassa, og er vald som tillitselev. Han har allereie lært seg mykje norsk, seinare må han også lære seg engelsk.

Når han er ferdig med tre år og har fagbrev i handa håper han på fast jobb på Larsnes Mek.

– Eg trivst så godt her, så det hadde vore perfekt for meg å kunne jobbe her i framtida, seier han.

Ahmed Trad Alabid på skulebenken

Ahmed Trad Alabid studerer flittig på Herøy vidaregåande skule. Tre dagar i veka er han der, dei to andre på Larsnes Mek i Sande kommune.

Foto: Arne Flatin / NRK