Hopp til innhold

Pilotprosjekt med kompostering

Gnist Støylane er ein barnehage med 120 born i Ulstein. Saman med Rune Brandal i selskapet Berekraft for alle skal dei i eitt år drive med kompostering. Tidlegare hamna alle matrestar i avfallet, no skal det brukast i barnehagen sin eigen kjøkkenhage.

Komposteringsmaskin barnehage

Emil viser fram komposteringsmaskina i barnehagen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rune Brandal fortel at barnehagen no skal kompostere alt matavfall, papir, papp og gras i ei manuell komposteringsmaskin.

Rune Brandal

Rune Brandal i firmaet Berekraft for alle

Foto: Arne Flatin / NRK

Brandal håper dette vert ein suksess og at han dermed kan tene pengar på å selje utstyret til andre barnehagar, men han synest det er vel så viktig at dette er eit tiltak for å nå målsette materialgjenvinningsmål med EU innan 2020 og klimakrav innan 2030.

– Om mange barnehagar kastar seg på dette så er det eit viktig bidrag, meiner han.

I barnehagen denne føremiddagen et barna eit måltid ved kjøkenbordet. Matrestane vert kasta i ei bøtte under kjøkenbenken. Når denne er full vert ho frakta ut i

Matavfall

Matavfall samla i barnehagen, og som snart skal over i komposteringsmaskina.

Foto: Arne Flatin / NRK

komposteringsmaskina som då skal foredle dette til jord, som igjen kan brukast i kjøkenhagen like ved.

Vibekke Slinning er dagleg leiar ved Gnist Støylane barnehage. Ho synest ideen til Rune Brandal var svært god.

Vibekke Slinning

Vibekke Slinning er dagleg leiar i Gnist Støylane

Foto: Arne Flatin / NRK

Godt prosjekt

– Dette glir godt inn i arbeidet til barnehagen med fokus på mat (mest mogleg frå grunnen) og prosjektet vi har på uteområdet og grønnsakshagen vår. Det er då ei glede for Gnist Støylane AS å få vere med på eit så spennande prosjekt, seier ho,

Selskapet til Rune Brandal skal arbeide vidare med Møreforsking, Mattilsynet og Bioforsk, og desse skal seinare kome på besøk i barnehagen for å sjå korleis det fungerer.

Emil Olav Worren er eitt av borna ved matbordet denne dagen. Han er klar på at maten ikkje kan stå framme for lenge etter måltidet for då kjem rottene. På spørsmål om kva som skjer med matavfallet seinare, så har han full kontroll:

– Det vert til mold, seier han. Mold som dei skal bruke i kjøkenhagen i barnehagen.

Kjøkenhage barnehage

Kjøkenhagen til Gnist Støylane som komposten skal brukast til.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL