NRK Meny
Normal

Picasso-kunst på Flø

Munch har vore der. Det har kunstverka til Damien Hirst, og mange andre óg. Denne gongen er det Picasso som får lov å stille ut på galleriet til Hugo Opdal på Flø i Ulstein.

Utstilling med trykk av Picasso på Flø.

Sjå tv-saka: Den vesle bygda Flø i Ulstein fekk i dag på nytt storfint besøk. Av kanskje den mest berømte kunstnar i moderne tid.

For det har nesten vorte slik, at det er kamp om å få stille ut den gjevaste kunsten som finst på marknaden i galleriet til trønderen som har gjort "fløssing" av seg.

Hugo Opdal med eitt av trykka til Picasso.

Hugo Opdal med eitt av trykka til Picasso.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hugo Opdal og kompanjongen Audun Hopland samarbeider tett med Blomqvist i Oslo som har ansvaret for å få på plass 15 trykk av Picasso. Tidlegare har dei hatt Munch her og ei utstilling med nasjonalromantiske motiv.

30 000 for ein Picasso

Utstillinga denne gongen har måleri i prisklasser frå 30 000 kroner og opp mot halvmillionen og vel så det.

– Det er veldig interessant å sjå no då for Picasso er eit namn som alle har høyrt om i alle fall, og det trur eg gjer at mange har lyst til å kome, seier Opdal.

Gunnar Krogh-Hansen i Blomqvist seier dei har hatt suksess med Munch og nasjonalromantiske motiv i utstillingar på Flø tidlegare. Derfor var det ikkje unaturleg å prøve Picasso også.

Hugo Opdal, Picasso, Gunnar Krogh-Hansen og Audun Hopland på Flø.

Hugo Opdal, Picasso, Gunnar Krogh-Hansen og Audun Hopland på Flø.

Foto: Arne Flatin / NRK