NRK Meny
Normal

Philip (11) dro i land stortorsk i Borgundfjorden

Ingen klarte å utkonkurrere osloguten Philip Leander Snustad (11) då han halte opp i båten tre stortorsk utanfor Ålesund måndag ettermiddag.

Philip Leander Snustad

Philip Leander Snustad (11) frå Oslo er i Ålesund for å prøve det legendariske Borgundfjordfisket. På to dagar skal han fiske i ni timar.

Foto: Frode Berg

11-åringen er på påsketur i Ålesund, og skal bruke tida på det populære Borgundfjordfisket. Rett utanfor byen ligg småbåtane på rekkje og rad for å hale om bord den første torsken, og måndag fekk den yngste om bord i båten Vikaskjær den største, på heile 12 kilo.

– Eg blei veldig glad, for det er ikkje kvar dag ein får ein så stor fisk, strålte 11-åringen måndag ettermiddag. Like etter tok han like godt to til.

Les også:

Kjem til Ålesund for å oppleve Borgundfjordfisket

Stein Magne Hoff

Stein Magne Hoff tek med turistar og fastbuande på Borgundfjordfisket. Han er sjølv skipper.

Foto: Frode Berg

11-åringen er ikkje åleine om å reise til Ålesund for å vere med på det historiske Borgundfjordfisket. Stein Magne Hoff lever av å ta med turistar og lokalbefolkning til havs. Sjølv stiller han som skipper, og ser ofte at dei yngste er dei beste.

– Eg ser med ein gong kven som er flinke, barn, unge og damer er dei beste. Dei gjer som skipperen seier, medan karane gjerne har ei meining sjølv om kva dei skal gjere, ler Hoff.

Les også:

Restaurantfolk på fisketur

Det er ein gjeng kollegaer frå restaurantbransjen som denne gongen har fått hyre på båten hans, Vikaskjær. Dei kjem ikkje får hovudstaden for å gå på ski eller klatre i fjell, men å fiske i to dagar.

– Det er veldig mykje fisk her, men no blei det ekstremt surt, og mange småbåtar som forsvann, seier Hoff måndag kveld.

Tom Snustad

Tom Snustad er veldig fornøgd med å vere med på Borgundfjordfisket denne påska.

Foto: Frode Berg

Etter at fisken er halt opp i båten, blir han kappa og stelt, og gjerne også eten. Dei som vil kan fryse fisken og ta han med heim.

Ni timar fiske

Restaurantgjengen frå Oslo går ikkje lei med det første. Måndag fiska dei frå klokka 17 til 22, tysdag er planen å ta fire timar til på morgonkvisten, før dei reiser ned igjen til Oslo med fly.

– Dette er heilt fantastisk, det er første gongen for begge to og hyggeleg å gjere noko saman i påska. Vi ser fram til å fiske meir i kveld, og til å få ein fin dag i morgon, sa far til Philip, Tom Snustad, måndag kveld, før han prøvde fiskelykka igjen.

– Eg har ikkje fått noko endå, det er det berre Filip som har, så det må eg berre, ler Snustad.

Borgundfjordfisket 2016

Borgundfjordfisket foregår rett utanfor Ålesund sentrum og tiltrekkjer seg mange småbåtar.

Foto: Frode Berg