Hopp til innhold

Petter A. Stordalen inn i Kleven - spleiselag på 300 millionar

Hurtigruten og hovudaksjonær Petter A. Stordalen er mellom dei aktørane som no satsar på Kleven.

Petter Stordalen - sjefen for Choice-kjeden.

Petter A. Stordalen blir ein av hovudeigarane i Klevenkonsernet.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Hurtigruten går inn med frisk kapital i Klevenkonsernet, som har slite økonomisk siste tida. Det toppa seg då eit reiarlag i Malaysia trekte seg frå ein avtale om bygging av eit konstruksjonsskip.

– Dette vil sikre nye arbeidsplasar og vidare vekst både ved Kleven-verfta i Ulstein og Sande og også elles for norsk verftsindustri, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten.

Saman med eigarane i selskapet, Petter A. Stordalens investeringsselskap Strawberry Equity og britiske TDR, blir Hurtigruten største investor i eit nyoppretta investeringsselskap, med ein andel på 40 prosent.

Også lokale eigarar

I tillegg består grupperinga av Åge Remøy, Kleven-familiens selskap John Kleven AS og H-Invest AS, samt dei familieeigde tyske yachtverftet Lürssen Group og investoren Per Lillebø.

Myklebust verft, Kleven

Klevenkonsernet har fått ny frisk kapital etter å ha slite økonomisk ei tid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det nye investorfellesskapet går ifølge eit nyheitsbrev frå Hurtigruten inn med totalt 300 millionar kroner i ny kaptital i Klevenkonsernet.

– Kompetansen til dei tilsette og til Kleven-familien er botnsolid, seier investor og Hurtigruten-eigar Petter A. Stordalen.

Han viser til at Kleven har ei historie heilt tilbake til 1939, og ser ny fram til å vere med på å bidra inn i eit nytt og spennande kapittel.

Ny låneavtale

Daniel Skjeldam

Ifølge konsernsjef Daniel Skjeldam går nye investorarar inn med 300 millionar kroner i ny kapital i Klevenkonsernet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sidan Kleven med dette har styrka soliditeten, blir det og opplyst at partane har lykkast med å reforhandle ein ny og betre låneavtale med bankane. Det står likevel igjen at selskapa sine bankar og GIEK formelt må godkjenne avtalen.

Til E24 stadfestar administrerande direktør i GIEK, Wenche Nistad, at berre formalitetar står igjen. Ho seier GIEK er tilfreds med resultatet og at dei kjem til å vere involvert i prosessen framover.

Det er det stor tru på, sidan desse partane har vore tett involvert i prosessen. Hurtigruten og konsernsjef Daniel Skjeldam reknar difor med at desse formalitetane er på plass om kort tid.

– Vi har hatt behov for å få meir pengar inn i selskapet, og dette styrkar Kleven for ny vekst, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

Han kallar det at situajsonen er stabilisert, og at dei 300 millionar kronene sikrar framtida for selskapet.

– Vi har framleis utfordringar å jobbe med, sjølvsagt, sidan marknaden framleis er tøff. Men vi har ei god ordrebok, så vi er godt rusta framover.

Har tru på godt samarbeid

At Hurtigruten no kjem inn er ryktande ferskt, så Rasmussen veit lite korleis dette selskapet er som eigar.

– Vi samarbeider godt med Hurtigruten når det gjeld bygging av to nye ekspedisjonsskip, og det teiknar godt for samarbeidet også med Hurtigruten som eigar.

Ståle Rasmussen

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, seier marknaden framleis er tøff, men at dei no har fått tilført nødvendig med pengar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rasmussen meiner løysinga som no er lagt fram er svært god, og med nok nye friske pengar.

– Dei tilsette har vore uroa for utviklinga, og dessverre har ikkje vi kunna gå ut med all informasjon til ei kvar tid. No trur eg dei blir glade og letta, og så får vi jobbe godt framover, seier Rasmussen.

– No går vi saman for å vidareutvikle den unike kompetansen, sikre nye lokale arbeidsplassar og skape vekst i konsernet som skal bygge framtidas skip, seier Skjeldam i Hurtigruten.