Ulykke i Brattvåg
Foto: tipsar

Personar påkøyrt i Brattvåg

  • Politiet sikrar spor etter ulykke

    Politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til at to fotgjengarar vart påkøyrde i ei 50-sone i Håvikvegen i Brattvåg. Ein person skal vere alvorleg skadd. Politiet er på staden og sikrar spor. Dei skal også avhøyre bilføraren, seier operasjonsleiar Leif Arne Mork ved Møre og Romsdal politidistrikt. Det var vitne til det som skjedde.