Hopp til innhold

Arbeidsbåt gjekk ned: Ni personar henta opp av sjøen

Alle personane blei henta opp av sjøen og sendt til sjukehus etter båtforlis. – Heldigvis fekk sjåføren varsla Mayday, seier verftsdirektør.

Båten skulle frakte personar til og frå skipsverftet Vard Langsten til eit nybygd kystvaktskip som var på prøvetur, då det plutseleg blei dramatisk tysdag kveld.

Den starta å ta inn vatn, og båtføraren fekk sendt ut nødsignal. Åtte arbeidarar og båtføraren hamna i vatnet.

Rundt klokka 1830 blei det sett i gang ein redningsaksjon der helikopter, båtar, politi, brannvesen og helsevesenet deltok.

Alle personane blei henta opp av vatnet og skal ikkje vere alvorleg skadde, opplyser Hovudredningssentralen.

– Tre av dei blir karakteriserte som ekstra nedkjølte, seier operasjonsleiar Leif Arne Mork i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Ifølgje Helse Møre og Romsdal er tre sendt til sjukehuset i Molde og seks personar er sende til Ålesund.

Redningsaksjon i Tomrefjord i Vestnes

Det er Hovedredningssentralen som har ansvaret for redningsaksjonen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fokus på dei ramma

Ronny Opsjøen Langset er verftsdirektør ved Vard Langsten

Ronny Opsjøen Langset er verftsdirektør ved Vard Langsten. Han seier at dei materielle skadane er uvesentlege og at fokuset no er dei som blei ramma av forliset.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Verftsdirektør Ronny Opsjøen Langset seier at kystvaktskipet er i innspurten på testar før levering og arbeidarar blir frakta til og frå skipet med eit skyssbåt under prøveturen. Båten av typen Nord Star 31 er registrert for ni passasjerar, i tillegg til båtførar.

– Heldigvis fekk sjåføren varsla Mayday. Det trur eg var avgjerande for at det gjekk bra, slik det ser ut no, seier Langset.

Han veit ikkje kva som er grunnen til at skyssbåten forliste, men verftet er glade for at alle som hamna i vatnet raskt blei gjort greie for. Alle skal ha hatt redningsvest på seg.

– Vårt fokus er sjølvsagt å ta vare på som blei ramma av hendinga. Dei har fått seg ein kjempeskrekk. Dei får krisehjelp om dei treng det og så fylgjer vi opp familiane deira, seier Langset. Vard har eit eige kriseteam.

Uklart kva som skjedde

Politiet oppretta eit mottaksapparat der dei som var i sjøen kom i land.

Operasjonsleiar Leif Arne Mork seier at det framleis er uklart kva som er årsaka til at båten sokk og at dei hamna i vatnet.

– Vi tar imot dei og registrerer dei og prøver å finne ut kva som har skjedd, sa operasjonsleiar Mork i 19.40-tida.

Politiet har no avslutta på staden og vil ta avhøyr av ein eller fleire av dei involverte på eit seinare tidspunkt.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte ulukka.

Redningsaksjon i Tomrefjord i Vestnes

Både brannvesen, ambulanse og politi deltok i aksjonen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Rufsete ver

Redningsleiar Erik Willassen i Hovedredningssentralen sa like etter klokka 19 at dei visste lite om kvifor båten hadde fått vanskar.

– Vi har ikkje oversikt over omstenda og årsakene til havariet, seier Willassen.

Korleis var forholda under redningsaksjonen?

Det var rufsete vær. De tilbakemeldingane vi har fått, var at det var relativt forhold med noko sjø.

Ifylgje nettstaden seatemperature er det om lag sju grader i vatnet i Vestnes no.

Helikopter i Tomrefjorden

Skjermdump frå Flightradar viser redningshelikopteret sine bevegelsar i området.

Faksimile: Flightradar