Hopp til innhold
Stemshesten
Foto: KART / NRK

Person i nød på Stemshesten

Oppsummert

Sea King rykka ut laurdags kveld, etter observasjon av ein person i fjellsida. Tipsar hadde sett blinking med lys og febrilsk veiving med armar.

  • Klatrarane melde seg

    Seint laurdag kveld meldte personar som har klarta i Stemshornet seg for politiet. Dei hadde brukt lys under klatringa, og andre hadde opptatta det som klatrarane hadde problem. Det blei søkt med helikopter, men politiet konkluderte etter kvart med at ingen var i nød i fjellet. Seint på kvelden fekk dei det stadfesta av klatrarane som var trygt nede igjen.

    Personer som har klatret i området i aktuelle tidsrom har meldt seg. De benyttet lys under klatringen.

  • Vil ha kontakt

    Politiet vil gjerne ha kontakt med personar som har vore i fjellet mellom 18:47 og 20:45 laurdags kveld. Dei understrekar at det ikkje vil få konsekvensar. – Vi vil berre vere heilt sikre på at folk er trygt nede, seier John Bratland i politiet.

  • Trygge på at ingen er i nød

    – Vi har søkt godt nok, og er trygge på at ingen i nød befinn seg i dette området, seier John Bratland i politiet. Han peikar blant anna på at ein person blei observert på veg ned frå fjellet.

  • Ropte, men fekk ikkje svar

    Dei som melde inn hendinga skal tidlegare i kveld ha bevega seg så langt opp i det bratte fjellpartiet som dei klarte og deretter ropt etter personen, men fekk ikkje svar. Det opplyser John Bratland i politiet. Politiet fekk første meldinga 18:47.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL