Person funnen død i Stranda

Ein person er funnen død i sjøkanten i Stranda kommune på Sunnmøre. Politiet melde om hendinga klokka 2130 og er no på staden for å gjere undersøkingar, skriv Sunnmørsposten. Operasjonsleiar Kenneth Sætre i politiet seier til NTB at personen blei funnen i fjøra litt nord for Stranda sentrum. Vedkomande kom ikkje tilbake etter ein kajakktur og det var venner som fann personen død.