Hopp til innhold

Sakna jente funnen død

Politiet bekreftar at ein person har blitt funnen død i samband med ein leiteaksjon i Ålesund tysdag formiddag.

Leiteaksjon Ålesund 221116

Store styrkar leita etter den 15 år gamle jenta i Ålesund natt til måndag og tysdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det skriv politiet i ei pressemelding.

Ei 15 år gamal jente har vore sakna i Ålesund sidan klokka 20.00 måndag kveld, og store styrkar har leita etter jenta sidan.

– Vi har god grunn til å tru at det er den sakna jenta som er funnen, seier stabssjef John Kåre Flo ved politiet i Ålesund.

Det er ifølgje politiet ikkje mistanke om noko kriminelt, og dei pårørande er varsla.

Stor leiteaksjon

Mannskap frå politiet, Røde Kors, Norske redningshundar og redningsskøyta Norske Veritas II har deltatt i den omfattande leiteaksjonen.

Politiet trappa opp søket etter jenta tysdag formiddag, og i tolvtida tysdag melde politiet at dei hadde gjort eit funn av ein død person i samband med leiteaksjonen.