Permitteringar ved Kleven Verft
Det kan bli aktuelt med permitteringar og oppseiingar ved Kleven Verft utover hausten på grunn av mindre arbeid for dei tilsette. Administrereande direktør Olav Nakken seier dei også har informert dei tilsette om endringar i oppbygginga av selskapet, for å kunne sikre vidare drift.