Hopp til innhold

Hydro varslar permitteringar

Dårlegare tider i aluminiumsbransjen gjer at Hydro Sunndal i dag avslutta kontraktane med 22 mellombels tilsette. Dei varslar også permitteringar av fast tilsette.

Hydro Sunndal produksjonshall

Hydro Sunndal er svært viktig for Sunndal-samfunnet. No blir det igjen varsla permitteringar ved bedrifta.

Foto: NRK

Hydro Sunndal er ei svært viktig hjørnesteinsbedrift med 720 tilsette.

Ikkje full maskin

Nokre av smelteomnane ved produksjonslinja SU3 vart sett i gang igjen for snart to år sidan. Hydro hadde trua på betre tider. Planen var full oppstart i løpet av 2011. Slik gjekk det ikkje.

– No ser vi at det ikkje blir full oppstart av SU3 før utpå nyåret. Då må vi sjå på desse midlertidige kontraktane som går ut før jul. Der blir 22 avslutta. Vi må i tillegg sjå på permitteringar i vår faste stab, seier fabrikksjef Trygve B. Svendsen.

LES OGSÅ:

Vil ikkje seie kor mange

Men fabrikksjefen vil ikkje gå ut med kor mange av dei fast tilsette som kjem til å bli permitterte.

– Vi har lagt eit ryddig løp saman med fagforeiningane. Så vi vil først gå igjennom og diskutere med alle foreiningane før vi går ut i pressen med kor mange det blir, seier Svendsen.

Dramatisk endring

Hydro Sunndal

Det er uråd å seie når det igjen vil bli full produksjon ved Hydro Sunndal.

Foto: Odd Sørås / NRK

Fabrikksjef Svendsen seier det er marknadssituasjonen som gjer at Hydro Sunndal igjen varslar permitteringar.

– Marknadssituasjonen har forandra seg drastisk siste månaden. Berre for to veker sidan var vi veldig optimistiske, men så har det kome mange negative signal frå marknaden. Finanssituasjonen har utvikla seg veldig negativt, seier han.

Men fabrikksjef Trygve B. Svendsen ser ikkje heilsvart på situasjonen.

– Vi må halde oppe spiriten. Vere klar og ha eit effektivt anlegg, klart til å starte opp når den tid kjem.

Kjedeleg sak

Trygve B. Svendsen

Fabrikksjef Trygve B. Svendsen vil vere optimist, men vedgår at dei er inne i ein bølgjedal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fabrikksjefen er fullstendig klar over kor viktig Hydro Sunndal er for lokalsamfunnet, og oppgåva med å varsle permitteringar likar han dårleg.

– Det er ei kjedeleg sak. Det er alltid kjedeleg å gå ut med ein slik bodskap. Men det er nødvendig. Samtidig blir det desto meir glede når vi gir beskjed om at vi skal opne heile anlegget.

– Når kan det skje?

– Vi ser ikkje at vi kan ha full drift i løpet av det første halve året. Samtidig svingar det fort, og vi vurderer dette frå månad til månad.

– Er det grunn til pessimisme?

– Det går alltid i bølgjedalar. Det som er viktig no er at det ikkje går for mykje ned. No er vi i ein bølgjedal og vi har lite sikt framover, men vi veit at det svingar og er innstilt på å starte opp SU3 så raskt det let seg gjere, seier fabrikksjef Trygve B. Svendsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL