Permitterer 24 tilsette

Gjenvinningsfirmaet Reox på Raudsand i Nesset permitterer alle sine tilsette frå 1. mars.

Dei 24 tilsette blir permitterte i seks månader, skriv avisa Driva.

Bedrifta produserer oksid og aluminiumsgranulat frå saltslagg.

Årsakene til permitteringane er ringverknader av finansuroa, og hard konkurranse i bransjen.