Hopp til innhold

– Offshorenæringa har tatt kollektivt sjølvmord

Havilaeigar Per Sævik meiner at oljenæringa har hatt godt av nedturen, sjølv om det er tøft. – Alle må ta eit ansvar for det som skjedde, seier Sævik.

Njål Sævik og Per Sævik

Njål Sævik og Per Sævik i Havila Shipping fortalde om kampen for å redde selskapet, på ein konferanse i dag arrangert av nettstaden Sysla

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Oljenedturen har ført til at kvart fjerde offshoreskip ligg i opplag og tusenvis av sjøfolk har mist jobbane sine. Fleire reiarlag har stått i fare for å gå konkurs og måtte reforhandle gjelda.

I dag fortalde Havilaeigar Per Sævik og sonen Njål Sævik, som er administrerande direktør i Havila, den dramatiske historia om då familiebedrifta heldt på å gå konkurs. 800 arbeidsplassar stod i fare, fordi bedrifta ikkje klarte å betene gjelda si.

Enorme advokatutgifter

I eit heilt år var Havila i gjeldsforhandlingar med 11 ulike bankar, aksjonærar og obligasjonseigarar. Undervegs vart marknaden meir utfordrande og på eit tidspunkt kom erkjenninga om at konkurs kunne vere einaste løysinga.

– Det var mange tøffe dagar. Spesielt dei siste dagane då hardt vart sett mot hardt. Eg tenkte først og fremst på alle medarbeidarane og alle som har tapt pengar og investeringar, seier Njål Sævik. I siste time kom ei løysing som alle kunne vere samde om i november 2016.

Konsernet brukte over 100 millionar kroner i blant anna utgifter til advokatar og rådgivarar. Familien Sævik gjekk sjølve inn med 164 millionar i ny kapital og stilte 60 millionar i garanti i tillegg.

Kollektivt sjølvmord

Per Sævik har vore i offshorebransjen i 37 år. Han har bygt opp tre offshorereiarlag og meiner at bransjen har eit samla ansvar for det som har skjedd. Sjølv om dei såg faresignala, var det ingen som tok konsekvensane av det.

– Offshorenæringa har begått eit kollektivt sjølvmord. Fellesnemnaren er store, nye båtar og mykje gjeld, seier Sævik. Han meiner at også bankane må ta sin del av ansvaret, fordi dei har vore altfor lite restriktive med lån. Oljeselskapa på si side hadde ei eksplosiv kostnadsutvikling, slik at ingen felt var lønsame å bygge ut.

Trur at det snur

Veteranen meiner at sjølv om det har vore tøffe tider for næringa, har ein totalt sett hatt godt av situasjonen. Han har ikkje tru på at oljealderen er over om 10–15 år, slik enkelte hevdar.

– Så lenge verda brukar meir olje i dag enn i går, så er det ingen nær kommande situasjon, seier Per Sævik. Han spår gode tider for bransjen igjen, men trur at erfaringa med å ha vore på botn, gjer at eduelegheita blir større, og at ein passar seg for å ekspandere så fort igjen.

Familien Sævik gjekk i sommar inn med nær 300 millionar kroner for å berge subseaselskapet Volstad Maritime.

– Vi hadde ikkje brukt desse pengane, hadde vi ikkje trudd at dette er framtida, seier Sævik.