NRK Meny
Normal

Per Sævik tek eit oppgjer med offshorenæringa

Den erfarne forretningsmannen seier nedturen i oljenæringa er djupare og meir alvorleg enn nokon annan nedtur næringa har vore borti tidlegare. Sævik tek sjølvkritikk for situasjonen Havila og andre reiarlag no er i.

Per Sævik

Per Sævik køyrer forbi to svære Supplybåtar frå Havila kvar dag på veg til jobb. – Det er ei påminning eg godt kunne ha vore forutan, seier han.

Foto: Torill Øvrelid / NRK

Regnet plaskar ned utanfor Diamanten, Havila Shipping sitt administrasjonsbygg i Fosnavåg. Som med dei fleste andre offshore-reiarlaga, har krisa i oljenæringa ramma Havila hardt.

– Vêret i dag kan godt brukast som eit bilete på offshore-marknaden, slik vi no opplever det, seier styreleiar i Havila, Per Sævik.

Les også:

Det var i Sunnmørsposten i dag, at Per Sævik først gav eit openhjartig intervju om stoda i oljebransjen. Til NRK seier han at offshorenæringa har seg sjølv å takke for den vanskelege situasjonen dei no er i.

– Havila-reiarlaget har ekspandert kraftig, og sit no med høg gjeld. Når marknaden forsvinn, har vi ikkje musklar til å møte den utfordrande situasjonen næringa er i, seier Sævik.

Styreleiaren har over 35 år erfaring i oljenæringa.

– Eg har vore med på nedturar før, men denne nedturen vi er inne i no er djupare og meir alvorleg enn noko anna nedtur vi har vore inne i tidlegare.

Kollektivt sjølvmord

Per Sævik

Framtida ligg i havet, meiner styreleiar i Havila Skipping, Per Sævik.

Foto: Torill Øvrelid / NRK

Med om lag hundre båtar i opplag i Noreg, meiner Sævik at alle norske reiarlag må vere innstilt på å ta sjølvkritikk på å ha bidrege til overskotsstonasje.

– Eg har til gode å sjå den reiaren som ikkje erkjenner at vi har eit kollektivt ansvar for denne situasjonen.

Sævik kallar situasjonen for eit kollektivt sjølvmord.

– Eg trur det er få reiarlag som ikkje står fram med betydelege utfordringar, eller som må ha avtalar med bankane for å overleve. At dette er ein alvorleg situasjon, er ikkje noko å legge skjul på.

Reiarlaga har blitt påverka av kvarandre, konkurranseinstinktet og i denne delen av landet; den sunnmørske gründermentaliteten.

– I etterpåklokskapens lys er det lett å sjå at ein gira for høgt og fort. Det fekk utvikle seg i meste laget før det stansa opp, seier Sævik.

Ikkje slutten på olja

Diamanten Havila

Administrasjonsbygget til Havila Skipping, også kalla Diamanten i Fosnavåg.

Foto: Torill Øvrelid / NRK

Sævik samanliknar oljekrisa med finanskrisa i 2008. Finanskrisa gjekk over relativt raskt, men styreleiaren har ikkje tru på at oljekrisa vil sleppe taket like fort.

– Det er ingenting som tilseier at marknaden vert bra innan eitt eller to år.

Sævik trur likevel ikkje at dette er slutten.

– Etter at denne krisa har betra seg, vil det framleis vere mange arbeidsplassar innan oljenæringa i åra som kjem.

Det har stansa å regne og ein kan sjå at det lysnar opp ute i havgapet.

– Kan vi ta det som eit godt teikn?

– Ja, framtida for oss kystbuarar er havet. Det er ein gullalder for fiskerinæringa, med låg kronekurs, låg oljepris og gode ressurssituasjonar.

– Vår framtid er og blir havet.