Hopp til innhold

Stiller ikkje til attval som ordførar

Han har vore ordførar i Kristiansund sidan 2007, og har lang fartstid som lokalpolitikar og fylkespolitikar i Arbeidarpartiet.

Per Kristian Øyen - Ordfører Kristiansund folkemøte

Per Kristian Øyen meiner han har arbeidd med politikk lenge nok.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

59-åringen kjem ikkje til å stille til val igjen etter å ha vore ordførar i nordmørskommunen i fleire år.

Per Kristian Øyen (Ap) har drive med politikk i nesten 40 år, og sjølv syns han det var på tide å sette strek.

– Nok er nok, og eg vil sleppe andre til, seier Øyen.

Han fortel at Kristiansund kommune har mange spennande saker framføre seg, og han unner nokon andre å få sluttføre desse.

– Tøft å vere ordførar

Han innrømmer at det tar på å vere ordførar. Det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal har vore ein av dei tøffaste sakene.

– Men det er ei viktig sak, og eg får heldigvis vere med fram til vi får ei avgjerd i desember.

Med Øyen som ordførar vann Arbeidarpartiet tilbake makta i Kristiansund etter 12 år i opposisjon. Øyen overtok stafettpinnen etter Dagfinn Ripnes, dermed overtok han også ansvaret for å fronte Kristiansund i sjukehussaka.

Det har vore ein kamp med mange tøffe oppgjer som kravde erfaring og politisk nettverk. Då Per Kristian Øyen blei attvalt som ordførar i 2011 skjedde det etter at Arbeidarpartiet fekk rent fleirtal i bystyret i Kristiansund.

Øyen har og vore ein av forkjemparane for nytt opera- og kulturhus, som kjem til å koste 760 millionar kroner til saman.

Vil at Nergaard skal ta over

Øyen har vore ein markant ordførar for nordmørskommunen. Han meiner at Kjell Nergaard er ein naturleg kandidat til å ta over.

– Han er eit politisk talent med masse personlege eigenskapar som gjer han til ein god ordførar, og han har vore ein suveren gruppeleiar, seier han og legg til at Nergaard vil vere ein svært god etterfølgjer.

– Men kva skal du gjere no?

– Tanken er å bli pensjonist i 2016. Det ser eg fram til.