Hopp til innhold

Meiner eldre blir gløymt i valkampen

Fylkesleiaren i Pensjonistforbundet, Mellvin Steinsvoll, er skuffa over at dei eldre sine saker har fått lite plass i valkampen.

Mellvin Steinsvoll

Mellvin Steinsvoll i Pensjonistforbundet meiner at gruppa han representerer burde hatt større fokus i valkampen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er berre fem dagar til valet og politikarane har hatt sine obligatoriske svippturar innom sjukeheimar for å vise fram suksesshistorier. Likevel meiner Mellvin Steinsvoll i Møre og Romsdal Pensjonistforbund at det har vore lite plass til dei eldre sine saker i det store nasjonale biletet, og dermed har politikarane lite kunnskap om fleire av sakene som er viktige for denne gruppa.

– Med så stor del av befolkninga som pensjonistane representerer, nær ein femtedel, skulle vi hatt mykje større plass i valkampen, meiner Steinsvoll.

Vil ha forhandlingsrett

Ei av dei viktigaste sakene for pensjonistane handlar om pensjon. Fylkesleiaren meiner det er viktig at pensjonistane kjem på banen og får forhandlingsrett for å rette opp skeivheita som er i dag.

– Er ikkje vi ved bordet, vert vår lønn fastsett på kammerset, seier Steinsvoll. Etter at pensjonsforliket tredde i kraft i 2011 får pensjonistane 0,75 prosent mindre enn det arbeidstakarane får i lønnsoppgjeret.

Målet var å sikre ei berekraftig pensjonsordning. Steinsvoll meiner at pensjonistane må få tilbake den 0,75 prosenten som vert trekt. Han trur politikarane vegrar seg for å ta i denne saka.

– Det verka som om politikarane er redde for å rive opp i pensjonsforliket, men det må kunne gå an. Visst det viser seg å vere ufornuftig det som har skjedd, går det alltid an å ta opp att ei sak, meiner fylkesleiaren, som meiner det er tilfelle i denne saka.

Kriterium for sjukeheimsplassar

Eldreomsorga har ofte vore ein tungvektar blant sakene politikarane har diskutert og krangla om når det har vore valkamp. I år har det ikkje vore mange høglydte utspel. Det er kommunane som har ansvaret for eldreomsorga, men Pensjonistforbundet meiner det er alt for store forskjellar frå kommune til kommune. Det vil dei har ein slutt på.

Steinsvoll meiner at ein må vurdere å øyremerke midlar for å få ei rett fordeling.

– Elles bør det kome like kriterer over heile landet for å fordele sjukeheimsplassar, seier Steinsvoll.