Hopp til innhold

Pensjonistane må trå til

Pensjonistar må vere vikarar når kyrkja manglar prestar. Møre bispedømme er blant dei verst stilte i landet.

Video PRESTEMANGEL-061010-MR-175929-SI_MR.mp4

Edmund Hjellset er på sin første dag på jobb som prestevikar i Bud kyrkje i Fræna ytst på Romsdalskysten. Men jobben er ikkje ny for 72 åringen.

- Eg har no vore prest i 40 år, så det er ikkje noko spesielt for meg, seier han.

Oppgåvene er mange og spennvidda stor, Hjellset held både dåp, bryllaup og gravferd. Fleire stader må pensjonistar trå til for å gi folk det tilbodet kyrkja er pliktig til å gi.

- Det er ein slitasje

Møre bispedømme er blant dei som manglar flest prestar. 15 stillingar står ledig og arbeidspresset er stort.

- Eg veit kva det vil seie å vere åleine prest, det har eg vore sjølv, så eg forstår godt at det vert frustrerande for dei. Det er kanskje nettopp det som gjer at eg vil stille opp og hjelpe til med å ta ansvar.

I Fræna kommune står to prestestilingar ledig. Dette fører til mykje arbeid på den einaste faste tilsette presten. Sindre Stabell Kulø er ung og entusiastisk og har drøye 40 år mindre livserfaring enn vikaren som skal hjelpe han fram mot jul.

- Det er ein slitasje. Sjøv om vi har vikar fram til jul, så er eg veldig usikker på korleis situasjonen vert etter nyttår. Ein ting er min kvardag, den kan vere ille nok, men det handlar også om folket som bur her. Dei skal vite at dei har prestar å forhalde seg til både når livet er veldig vanskeleg og når livet er veldig flott, seier Kulø.

Realiserer seg sjølv

På Menighetsfakultetet sentralt i Oslo vert dei fleste av framtidas prestar utdanna. Storbylivet freistar mange til å verte buande også etter at dei er ferdig utdanna.

- Eg trur det må vere litt utfordrande for ein nyutdanna prest å kome til ein stad der han eller ho må vere åleine, eller med lite folk rundt seg, seier teologistudent Kristian Myklebust.

Soknepresten i Bud håper fleire prestar kan sjå verdien av å bu utanfor storbyen.

- Eg har fått realisert mange av dei draumane eg hadde då eg var student i Oslo, då eg budde i trange kollektiv. No har eg det heilt fritt og ope, og eg har mykje større moglegheit til å realisere meg sjølv.

Vikar Edmund Hjellset har sine tankar om livet som prest.

- Eg tenkte på det. Dersom eg skulle setje eit ord på det å vere prest, så vil ikkje det ordet vere prestere, men det går meir på det å dele. Dele liv, dele sorger, dele glede, og både å få gi av seg sjølv og ta imot frå andre.

Stort press

Prestemangelen i fylket gjer at dei som er prestar må presse seg knallhardt i jobben. Det seier Finn Arne Roaldsnes som er leiar i presteforeininga i Møre og Romsdal...

Video Stor mangel på prestar skapar vanskar

Finn Arne Roaldsnes er leiar i presteforeininga i Møre og Romsdal