Hopp til innhold

Pensjonist Anne Siri tettar hol i vaktplanen på sjukehuset

Sjukepleiarforbundet ser at ein betydeleg del pensjonistar har trådd inn i helsevesenet igjen.

Anne Siri Bjerkestrand er sjukepleiar ved kreftavdelinga i Kristiansund. Her pratar ho med ein pasient som sit og får behandling

Anne Siri Bjerkestrand jobbar ved kreftavdelinga i Kristiansund. Her gir ho behandling til pasient Anne Margrete Ramstad.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Over heile landet er det ein skrikande mangel på helsepersonell og mange institusjonar slit med å fylle vaktplanen.

På kreftavdelinga i Kristiansund tettar ein uniformskledd 70-åring nokre av hola.

– Eg føler at det gjer meg meir oppegåande. Eg må tenke litt, seier Anne Siri Bjerkestrand. Ho sett sprøyter, gir cellegift og pratar med pasientar.

Spesialsjukepleiaren gjekk av med pensjon for sju år sidan, men har aldri slutta å jobbe heilt.

No har ho fridom til å ta dei vaktene som passar henne og ikkje jobbe i ein tøff turnus.

Anne Siri Bjerkestrand (70) jobbar ved kreftavdelinga i Kristiansund

Anne Siri Bjerkestrand gler seg alltid til å treffe pasientar og kollegaer på jobb. Ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal jobbar det i dag 204 pensjonistar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Pensjonistar fyller hol i vaktplanen

– Vi ser ein betydeleg del pensjonistar som har trådd inn i tenesta igjen, seier fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet i Møre og Romsdal, Trine Bruseth Sevaldsen.

Under koronapandemien kom mange eldre helsepersonell tilbake til arbeidslivet for å bidra. Mange har blitt verande fordi behovet er så stort.

– Ære vere dei for at dei hjelper til. Dei har ein særdeles god kompetanse. Vi kallar dei det grå gullet, seier Sevaldsen. Ho meiner pensjonistane er avgjerande for at vaktplanane både på sjukeheimar og sjukehus går opp.

Den eldste ho veit som tar på seg vakter nærmar seg 80 år.

Det manglar 5900 sjukepleiarar og 2600 helsefagarbeidarar, ifylgje NAV si bedriftsundersøking.

Sjukepleiarforbundet er opptatt av at tenestene ikkje må basere seg på pensjonistar for å få vaktplanane til å gå rundt.

Trine Sevaldsen
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også Tjue sjukepleiarar har allereie sagt opp. No forsvinn store delar av leiinga også

Kristiansund sjukehus

Stort behov

Kommunesektorens organisasjon, KS, har ikkje oversikt over kor mange pensjonistar som jobbar i kommunane.

Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv i KS, er glad for at pensjonistar vil jobbe.

– Det er veldig positivt at fleire sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre faggrupper ønskjer å stå lenger i jobb. Her er det eit stort potensial for viktig kompetanse, som også helsepersonellkommisjonen peikar på, seier Gangsø.

Gjennomsnittleg avgangsalder for sjukepleiarar er 58 år, ifylgje Kommunal Landspensjonskasse.

Tor Arne Gangstø

Tor Arne Gangsø er direktør for arbeidsliv i KS. Dei har ikkje oversikt over kor mange pensjonistar som jobbar på sjukeheimar og institusjonar.

Foto: NRK

Sleit med helsa

Anne Siri Bjerkestrand har vore sjukepleiar i 48 år. Den siste tida før ho gjekk av med pensjon følte ho seg sliten. Ho jobba på ein hektisk sengepost, samstundes som ho sjølv hadde smerter i hendene på grunn av leddgikt.

No er helsa bra og ho set pris på å vere til nytte på kreftpoliklinikken. Der har ho kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Ho gler seg også til å treffe pasientane.

– Eg håper eg utgjer ein forskjell for nokon og hjelper dei litt. At dei føler det er greitt å kome hit, sjølv om det er vanskelege diagnosar. Det er det som er motivasjonen, seier 70-åringen.

Held du ut til 80 år?

– Eg veit ikkje kor lenge eg skal jobbe. Det blir så lenge helsa held og eg synest det er kjekt, smiler sjukepleiaren.

Les også Sofia (9) kan rekne med å jobbe til ho er 80 år gamal

Sofia Nedberge (9) og Klara Nyhus (9)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL