NRK Meny
Normal

Pengemangel hindrar utbygging

Arbeidet med å utvide avgangsområdet ved Ålesund Lufthamn Vigra kan bli utsett til neste år.

Vigra flyplass

Lange køar og for få sitjeplassar er blant utfordringane på ein flyplass som veks raskt i talet på reisande.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Dei siste fire åra har passasjertalet på Vigra auka med 300 000 fleire reisande. Trafikkauken dei siste åra gjer at avgangsområdet no er altfor trongt, og det hastar med å utvide, seier lufthamnsjef Tor Hånde.

– Sprengt kapasitet

Tor Hånde

Lufthamnsjef Tor Hånde på flyplassen i Ålesund meiner det er på høg tid å utvide avgangsområdet

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

– Folk tek det med tolmod, men kapasiteten er sprengt. Det er køar i tryggingskontrollen, det er mange fly som skal ta av samtidig, og det er ikkje nok sitjeplassar til alle i avgangshallen, seier Hånde.

Avinor på Vigra vil utvide avgangsområdet med 2200 kvadratmeter. Det kostar 60 millionar kroner. No ventar Hånde på klarsignal frå Avinor sentralt. Viss ikkje pengane kjem innan utgangen av mars, må heile arbeidet vente til neste år.

Alt til Gardermoen

Avinor utvidar for tida veldig på Gardermoen. Lufthamnsjefen meiner det er årsaka til at selskapet held tilbake med utbygginga på flyplassen i Ålesund.

– Dei enorme investeringane på Gardermoen gjer at det vert lite investeringsmoglegheiter att for dei 45 andre flyplassane som er att i Avinor-systemet.

– Kva betyr det for Vigra at ein kanskje ikkje får starta utvidingsarbeidet i år?

– Det vil bety at det vert enda trongare etter kvart som trafikken aukar endå meir, seier han og legg til at det truleg vert 1,1 millionar reisande i 2014.