Hopp til innhold

Julegåva frå sjefen blir brukt som symbol i kampen for å få meir pengar

Då kollegaene ved St. Olav fekk ei mykje dyrare julegåve enn dei i Møre og Romsdal, skapte det reaksjonar. No blir lua brukt for å kjempe om rettferd.

Ambulansen i Giske har tatt lua i bruk.

YNSKJER GOD JUL: Ambulansetenesta i Giske kommune. F.v. Iris Kristine Tangen, Siv Remme Tomren og Trine Måseidvåg.

Foto: Privat

Julegåver med stor prisforskjell har dei siste dagane skapt debatt blant tilsette i Helse Midt-Norge.

Sjukehustilsette i Møre og Romsdal var fornøgde med lua dei fekk i julegåve – heilt til dei oppdaga kva kollegaene ved St. Olavs hospital hadde fått: Eit gåvekort på 1000 kroner.

«Vi levde med hua i handa, men hadde så sterk ei tru,» heiter det i «Nordnorsk julesalme».

Men det er ikkje alle tonar som er like musikalske.

Debatten fekk ein krass tone då tilsette i Helse Møre og Romsdal oppdaga prisforskjellen på gåvene. Egil Romslo Schistad ved Ålesund sjukehus kallar det heile for umusikalsk.

Vil ikkje stå med lua i handa

Lua til sjukehustilsette i Møre og Romsdal symboliserer noko større. Ein økonomisk strid som har føregått over fleire år.

Det er fordelinga av pengar, internt i Helse Midt-Norge, som er grunnlaget for den pågåande striden.

Dei tilsette i Helse Møre og Romsdal er så bekymra over dei planlagde kutta at dei oppretta ei aksjonsgruppe på Facebook.

Seksjonsoverlege Åse Turid Rossevatn Svoren på fødeavdelinga i Ålesund ynskjer ei rettferdig fordeling av helsekronene i året som kjem, og delte eit bilete saman med kollegaene, der dei har på seg lua.

F.v. Åse Turid Rossevatn Svoren, Liv Frøysa Hansen, Kristian Lied Wollen, Marianne Kjerstad og Solveig Bjellmo.

LUA ER TATT I BRUK: Gynekologisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. F.v. Åse Turid Rossevatn Svoren, Liv Frøysa Hansen, Kristian Lied Wollen, Marianne Kjerstad og Solveig Bjellmo.

Foto: Privat

– Det var ein heilt enorm respons. Vi står saman sjølv om vi føler det har vore skeivfordelt i mange år. Gjengen på sjukehuset har ei positiv innstilling til å gjere det beste dei kan med dei midla vi har, seier ho til NRK.

Ho held fram:

– Vi vil ikkje stå med lua i handa. Vi tar den på hovudet, stolte over å vere ein del av eit arbeidslag som står på for å gje god helsehjelp til pasientane.

Økonomisk drakamp

Det føregår ein drakamp i det regionale helseføretaket om korleis 300 millionar kroner skal fordelast. Beslutninga kjem på Helse Midt-Norge sitt styremøte i februar.

No er det ulike julegåver som skaper reaksjonar. Det er opp til kvart helseføretak kor mykje dei vil gje dei tilsette i julegåve – og om dei vel å gjere det.

Sjukehusdirektør Grethe Aasved ved St. Olavs hospital la vekt på at det var viktig å gje dei tilsette ei ekstraordinær påskjønning i dette spesielle koronaåret.

– Dei tilsette har ikkje vore på kurs eller konferansar i år. Det gav oss eit økonomisk handlerom.

Marit Røsand (75)

– EIT HÅN: Marit Røsand (75) frå Ålesund er provosert over skeivfordelinga.

Foto: Privat

Marit Røsand har vore alvorleg sjuk med kreft, og har vore innlagt på både St. Olav og Ålesund sjukehus. Ho blir opprørt over skeivfordelinga mellom helseføretaka, og synest julegåva i Møre og Romsdal var eit hån.

– Eg er rett forbanna, eg kan ikkje uttrykkje meg noko mildare. Her har vi gått ut og heia på dei, og klappa for dei. Så skal dei sitje igjen med ei lue, medan dei andre får gåvekort på tusen kroner.

– Ikkje vi som sit på pengesekken

Gro Lillebø er føretakstillitsvald for Norsk Sykepleierforbund ved St. Olavs hospital. I 2019 skreiv ho ein kronikk om at økonomien i Helse Midt-Norge er svært krevjande.

– Når ambisiøse politikarar gjer oss ei mengde med oppdrag som vi skal løyse for befolkninga må dei vere bevisste på at det kostar pengar å gje eit godt helsetilbod.

Lillebø meiner totalfinansieringa i det regionale helseføretaket er for dårleg, og ber nasjonale myndigheiter ta grep.

Gro Lillebø

BER MYNDIGHEITENE TA GREP: Gro Lillebø meiner nasjonale myndigheiter må ordne opp i underfinansieringa av helsetenestene.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

– Det er frustrerande. Det er lett å skubbe slike saker ned i systemet. Då endar ein opp med intern kniving. Men det er ikkje vi som sit på pengesekken, fastslår ho.

Julegåvedebatten blant sjukehustilsette i Helse Midt-Norge kommenterer ho slik:

– Vår sjukehusdirektør ved St. Olav har argumentert med at det er spart inn pengar i 2020 på å ikkje reise på kurs og konferansar. Eg reknar med at Helse Møre og Romsdal og andre helseføretak også har spart pengar på dette.

Første år med overskot

2020 er det første året Helse Møre og Romsdal har gått i pluss sidan helseføretaket vart etablert. Dei er no i ein situasjon med stort behov for oppgradering av nødvendig medisinsk-teknisk utstyr på sjukehusa. Helseføretaket står over eit omstillingskrav på omtrent 500 millionar kroner dei komande fem åra.

Helse Midt-Norge ynskjer ikkje å kommentere saka. Dei viser til den pågåande saksbehandlinga av inntektsfordelinga.