3 års frist
- Vi har sett ein frist på tre år, der vi prøver å auke talet på elevar, seier rektor Lars Birger Stige.
Millionunderskot kvart år
Skulen har hatt omlag ein million kroner i underskot kvart av dei siste tre åra, og styret er uroa over situsjonen. Vestborg, som er eigd av Misjonssambandet, er den einaste private vidaregåande skulen i fylket.
Spøker for framtida
Sidan 1949 har den private skulen på Stranda gitt utdanningstilbod for elevar frå heile landet. No spøker det for framtida. Hovudårsaka er at talet på søkarar til allmennfag er halvert dei siste seks åra. Dermed blir Vestborg, som berre tilbyr almennfag, spesielt hardt ramma.
No vil styret utvide tilbodet for å få fleire søkarar. Eit påbyggings-studium i almennfag er under planlegging, og det er også søkt om ei linje i sal- og service frå 2005. Rektor Lars Birger Stige seier dagens situasjon slit både på leiing og tilsette.
Dårleg økonomi
- Det er iallefall ikkje særleg bekvemt å ha dårleg økonomi, mykje hadde vore lettare om vi hadde meir pengar, seier Stige. - Vi kunne nok ha vore flinkare til å marknadsføre oss, men hovudårsaka til vanskane er nok nedgangen i søkartalet til allmennfag generelt, seier han.
Sal av eigedomar
Skulen får til hausten omlag 88 elevar. Målet er å auke talet til 130. Det har vore foreslått at misjonssambandet sel eigedommar for å kunne avhjelpe Vestborg økonomisk. Dette er førebels ikkje aktuelt, seier styreleiar Verner Larsen.
- Dette har vore diskutert i Misjonssambandet sentralt, men vår plan er å først skape balanse i drifta, og så diskutere anna finansiering seinare, seier Larsen.