Hopp til innhold

Pengar til sjukepleiar-vikarar

Smøla er den kommunen i fylket som brukar mest pengar pr innbyggar på å leige sjukepleiarar frå vikarbyrå. Denne typen utgifter auka med 79 prosent i Smøla frå 2021 til 2022, og var på 7.877 for kvar innbyggar.
Dette framgår av eit oversyn frå nettstaden sykepleien.no.
Berre fire kommunar i landet hadde høgare utgifter pr innbyggar til sjukepleiar-vikarar frå byrå enn Smøla, skriv Tidens Krav.