Hopp til innhold

Pengar til Freifjordtunnelen

Renovasjonsarbeidet i Freifjordtunnelen kan truleg starte neste år - regjeringa set av pengar i statsbudsjettet.

Freifjordtunnelen interiør

Freifjordtunnelen

Foto: NRK

Trafikkforholda i Freifjordtunnelen i Krifast-sambandet har vore vanskelege i fire år. Takplater har falle ned, og bilistane køyrer i sjøvatn. No løyver regjeringa 37 millionar kroner til arbeidet med tunnelen.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge

Venteliste

Dette er godt nytt for Krifast-brukarane same dagen som det blei kjent at renoveringa av Ålesundstunnelane blir dyrare enn planlagt, og at det dermed blir mindre pengar til andre prosjekt. No spørst det kor lenge Godøytunnelen må stå på venteliste. Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp)kan ikkje seie noko konkret om den. - Pengane må komme, men eg kan ikkje seie når dei kjem, seier ho.

2010

Dei 37 millionane frå regjeringa i tillegg til ei forskottering på 60 millionar frå fylket og Krifastkommunane sikrar at arbeidet i Freifjordtunnelen blir fullført innan 2010. Totalprisen blir 230 millionar kroner. Resten av pengane kjem på statsbudsjettet neste år.

Når arbeidet i Freifjordtunnelen tek til, skal trafikken gå som vanleg mellom kl. 6 og kl. 21. Mellom 21 og 6 blir det kolonnekøyring ein gong i timen.