Hopp til innhold

Pengar til fjellovervaking

Regjeringa vil løyve pengar til å halde fram med overvakinga av skredfarlege fjellparti.

Fjellpartiet Mannen

Fjellpartiet Mannen i Rauma er rasfarleg. Regjeringa vil løyve pengar til overvaking.

Foto: Oddvar Støve

Ved dei utsette fjellpartia Åkneset, Hegguraksla og Mannen i Møre og Romsdal vil regjeringa auke løyvingane til kontinuerlig overvaking og bidra til å oppretthalde drifta neste år.

Desse summane er ikkje spesifiserte i forslaget frå regjeringa.

Sjå detaljane om Statsbudsjettet her

Mannen skal overvakast

Fjellpartiet Mannen i Rauma er eit av dei mest rasfarlege områda i landet. Fjellpartiet ligg på vestsida av Romsdalen eit stykke sør for Trollveggen. Store mengder fjell kan rase ned i dalen. Det kan bli skapt ein demning som demer opp elva Rauma. Dette kan igjen utløyse ei flodbølgje som fører til enorme øydeleggingar ned Romsdalen.

Åkneset/Tafjord

Også overvakinga av Åknesremna og i Tafjorden held fram. Her er det bygt opp eit overvakingssystem og ein overvakingssentral. Det store fjellpartiet på Åkneset kan rase i Storfjorden, og skape ei flodbølgje som kan føre til store øydeleggingar i Geiranger, Hellesylt, Valldal og andre stader langs Storfjorden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL