Pengar til eksportvegen

Regjeringspartia og støttepartia er samde om å løyve 3,4 milliardar kroner til lokale samferdselsprosjekt gjennom nasjonal transportplan. Høgre, Frp, Venstre og KrF har bestemt at pengane skal gå til Lerstadvegen i Ålesund, eit forbikøyringsfelt på sørsida av Ørskogsfjellet, strekninga Flatmark, Monge, Marstein i Romsdalen, samt Stuguflåten-Rødstøl. Det er og løyvd pengar til rassikring i Romsdalen, og arbeida startar snarast råd.