Frustrasjonen til passasjerane går på at MRF bytter ut hurtigbåten Romsdalsfjord med til dømes sightsingbåten Keiser Wilhelm som går mykje saktare.
Forseinkingar
Dette fører til forseinkingar og frustrasjon blant dei reisande som betalar 950 kroner for eit månadskort.
Fleire av dei tilsette opplevde sist denne veka å bli ståande på kaia i Ålesund, utan nokon informasjon om kvifor båten ikkje dukka opp til vanleg tid, seier pendlar Øystein Grønmyr.
Betre informasjon
Assisterande direktør i MRF, Frode Ohr. Foto: Gunnar Sandvik.
Assisterande direktør i MRF, Frode Ohr, seier at MRF kun har ein reservebåt å sette inn, men han avviser at strekninga Ålesund - Langevåg har blitt ein salderingspost.
Han lovar likevel at MRF skal betre informasjonen til dei reisande, dersom dette skjer igjen.