I to veker har det vore forseinkingar på denne ruta fordi ferja Tingvoll fekk problem med lemmen. Først i helga ordna MRF opp i problema.
Forseinkingar
Først køyrde bilferja Tingvoll inn i ferjekaia på Løvsøya - og fekk problem med lemmen. Dette gjorde at alle bilande måtte rygge ombord. I turistsesongen med fleire campingvogner - førte det til forseinkingar på ein halv time. Dette førte igjen til at bussane ikkje venta på dei som skulle vidare på andre sida. Då dei til slutt fekk inn ei ny ferje - var det bilferja Aure - som tek færre bilar enn det som var oppgitt.