Hopp til innhold

Pelsoppdrettar søv ikkje om natta i frykt for tjuveri

Tjuvar har stole pels frå oppdrettarar fleire stader i landet. Reveoppdrettar Steinar Nordang på Øye på Sunnmøre er så uroa at han nesten ikkje tør legge seg.

Pelsoppdrett i Ørsta

Steinar Nordang likar ikkje at pelstjuvar er på ferde. Han er mistenksom på alle bilar som køyrer forbi.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Natt til onsdag vart 40 reveskinn stolne frå ein pelsdyrfarm på Koparnes i Vanylven. Like mange skinn vart stolne frå Ørsta. Også i Nordangsdalen og i Gloppen har det nyleg vore pelstjuveri.

– Dette er ein heilt uvand situasjon for oss. Eg er mistenksom på alle bilar som køyrer forbi og får ikkje fred før eg veit at det ikkje er uvedkomande, seier Steinar Nordang.

Leita etter tjuvane

For snart tre veker sidan vart ein kollega av han fråstolen minkskinn og reveskinn. Nordang var med å leite etter gjerningspersonane, som hadde kome seg gjennom den stengde Nordangsdalen ved å bryte opp bommen. Dei fann aldri tjuvane.

– Prisane på skinn er så høge og dei er sikkert lett å få selgt på dei rette stadane, seier Nordang.

Høgsesong for pels

Han er pensjonist, men driv framleis med oppdrett av rev. Kvart år produserer han mellom 800 og 1000 skinn. Desember er høgsesong for avliving av dyr og preparering av pels. Revepelsen han produserer vert selt til Helsingfors.

– Vi prøver å sende frå oss skinna så fort som råd etter at dei er ferdige, seier Nordang.

Er engsteleg

Han sikrar seg mot tjuveri så godt han kan. Pelsoppdrettaren har alarmar og prøver å fylgje med på framande bilar. Likevel er han uroa.

– Eg er engsteleg og søv dårleg om natta, seier Nordang. Han synest det er rart at politiet ikkje har oppklart nokon av tjuveria dei siste vekene.

Stal frosne reveskinn

Ved lensmannskontoret i Vanylven har dei få spor å gå etter. Det dei veit er at 40 frosne, ubehandla reveskinn vart stolne natt til onsdag.

– Det er jo lett å tenkje at dei som står bak, veit kva dei driv med, seier lensmann Tor Sæther.

Tjuvane har kome i bil og mest truleg parkert eit stykke unna. Revefarmen ligg aude til. Lensmannen ser tjuveriet i samanheng med dei andre tjuveria den siste tida.