Foto: Bjørn Helge Lervåg
Uventa møte
Bjørn Helge Lervåg har sendt oss dette biletet av ein pelskledd skapning som kryp på snøen. Han skriv:
På en påsketur i Rondane bestemte jeg og min sønn Henrik at vi skulle klatre til toppen av et fjell. På vei oppover befant vi oss plutselig ansikt til hmm.. ansikt? med et lite hårete vesen.
Vi tok frem kameraet og tok bilder av dette insektet. Har vist det til en del personer, men ingen har peiling på hva vi har tatt bilde av. Er dette en ukjent livsform fra en annen planet, eller er det noe helt vanlig og alminnelig?
Åme
Vår faste naturkjennar Alv Ottar Folkestad var ikkje i tvil - dette er ei spinnarlarve. Det pelskledde krypet skal altså etterkvart bli ein spinnar-sommarfugl. Det finst mange artar spinnarar, og Folkestad vil ikkje artsbestemme denne åma utan vidare, men ein spinnar er det.
Åmene kjem fram omkring påsketider, og då kan ein sjå at dei vandrar på snøen og fangar solvarme. Der det er berr mark, ser ein dei ikkje så lett.
Sommarfuglen
Vi hadde lyst til å skaffe eit bilete av ein spinnar-sommarfugl for å vise kva denne larva kan bli til, og kom då i kontakt med ein av våre fremste sommarfugleekspertar: Leif Aarvik ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Han er ein av dei ansvarlege for internettsida "Norges sommerfugler", og gav oss straks lov til å bruke fotografiet under.
Aarvik seier han er nesten 100 prosent sikker på at åma frå Rondane er ein rustvingespinnar (phragmatobia fuliginosa). Denne spinnaren er vanleg over heile landet. Han er helst på vengene om natta, berre unntaksvis i solskin midt på dagen.
Rustvingespinnar - foto: Leif Aarvik
Og her finn du nettsida over alle nettsider for norske sommarfuglinteresserte: NORGES SOMMERFUGLER