Hopp til innhold

Pelsdyrnæringa slit med rekrutteringa

Unge vegrar seg for å satse på ei framtid innan pelsdyrnæringa. Trugselen om at oppdrett av pelsdyr kan bli ulovleg, er årsaka.

Mink

Ifølgje Pelsdyralslaget tør mange unge ikkje satse på å gå inn i pelsdyroppdrett fordi dei er usikre på kva framtida til næringa blir.

Foto: Rubina Butt / NRK

Den politiske avklaringa på lagnaden til pelsdyrnæringa lar vente på seg, og fører til rekrutteringsproblem.

– Ventetida mot den politiske avklaringa slit, og mange synest det er vanskeleg å vite kva dei skal gjere. Uvissa har vart i mange år, og går særleg utover unge som er klare til å ta over drifta etter foreldra, stadfester Erik Stølan, politisk talsperson i Pelsdyravlslaget i Møre og Romsdal.

Erik Stølan

Erik Stølan i Pelsdyralslaget i Møre og Romsdal uroar seg over mangel på rekruttering i pelsdyrnæringa.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I tillegg til dei som står framfor eit generasjonsskifte, er det mange unge som vurdere å starte med pelsdyr som ny attåtnæring til eksisterande gardsdrift. Men også denne gruppa føler at dei står i eit uavklart vakuum om framtida, seier Stølan.

Det er avsløringar om dei mange dyretragediane på pelsdyrfarmar rundt om i landet som gjer at heile næringa kan bli avvikla. Sentralpolitikarane har hatt saka på kartet i over to år, utan at ei avklaring er teken.

Superveteran er uroa

Steinar Nordang har drive med pelsdyr i meir enn 60 år i Nordangsdalen i Ørsta. Han er rekna som nestor innan næringa. No er også han uroa over rekrutteringa.

– Dette er eit kjempeproblem for heile næringa. Vi høyrer at pelsdyrgardar stadig blir lagt ned fordi ingen vil ta over, seier Nordang.

Pelsdyroppdretter Steinar Nordang fra Øye i Ørsta

Steinar Nordang har over 60 års erfaring frå pelsdyrnæringa.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han meiner det er synd, fordi pelsdyrnæringa eignar seg svært godt som attåtnæring til vanleg gardsbruk. Næringa krev mest arbeid på den tida av året då anna gardsarbeid er minst arbeidskrevjande, seier han.

Useriøse bør vekk

Møre og Romsdal er eit middels stort pelsdyrfylke med 13 av dei i alt 300 pelsdyroppdrettarane her i landet. Hovudtyngda av farmane ligg på Sunnmøre med Nordmøre på andreplass. I Romsdal driv ingen med pelsdyr no.
Med stort og smått av mink og rev, er det på det meste rundt 50.000 pelsdyr i Møre og Romsdal. Talet varierer alt etter kva tid på året ein reknar.

Pelsdyrhus på Øye

I Nordangsdalen i Ørsta er mink- og revehus eit vanleg syn.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Steinar Nordang meiner dei få som driv useriøst med dårleg dyrevelferd, øydelegg for dei mange i næringa.

– Om dei useriøse er det berre ein ting å seie; dei bør vekk. Eg forstår ikkje kva dei tenkjer, slår veteranen fast.

Treng snarleg avgjerd

Pelsdyrnæringa har i fleire år vore ei betent politisk sak etter grove brot på dyrevelferdslova.

Politikarane tek seg for god tid med å bestemme framtida til næringa, meiner mange.

Mink i Vestfold

Mink i fangenskap lever heile livet i bur. Det er mellom anna det som provoserer dyrvernarar og andre kritikarar til næringa.

Foto: Hans Petter Reppe / NRK

Pelsdyralslaget hadde ønskt ei avklaring snarast råd. Veteranen i pelsdyrbygda i Nordangsdalen er også mellom dei utolmodige.

– Det må vere slutt på alt prat, inkludert lausprat. Viss dei ikkje klarer å behandle dette innan neste haust, er dette det bestefar min kalla for "sørgeleg", seier Steinar Nordang.

Pelsdyrnæringa har i fleire år vore ei betent politisk sak etter grove brot på dyrevelferdslova. Siste signala frå regjeringa, er at endeleg avgjerd kjem hausten 2016.