I Skodje på Sunnmøre er trial ein idrett som samlar mange ungdommar. Men Patrick B. Larsen er ein god del yngre enn alle andre.
Sjarmøren er tre år, og er motorsykkelmiljøet sin eigen maskot.
Saman med pappa Kenneth Urke Larsen er han støtt og stadig på motorsykkelen. Treåringen har eigen motorsykkel, liten og elektrisk, og lydane må Patrick lage sjølv.
Saka held fram under bildet.
Han er ikkje store karen enno, tre år gamle Patrick. Men motorsykkel køyrer han.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKStålkontroll på eigen sykkel
I sommar viste han seg fram for trialinteresserte, då på ein sykkel med støttehjul.
No er støttehjula historie, og treåringen og far er ute sjølv om forholda er tøffe. Trass i ung alder han god kontroll, både på og av motorsykkelen.
Sjarmøren Patrick B. Larsen er ein kløppar på motorsykkel.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Kor gassen er hen då?
– Der, seier han, og peikar på gassen på styret.
– Bremsa då?
– Der.
– Korleis startar du sykkelen då?
– Her, seier treåringen, medan han bøyer seg ned og viser kvar sykkelen blir tråkka i gang.
Framtidig gullvinnar?
Han er med i Skodje trialklubb, og er heile tida tett følgt av faren. Kenneth Urke Larsen har sølv i trial-NM, og om nokre år kan kanskje Patrick gjere det faren aldri klarte.
Det er å ta NM-gull.
– Forhåpentlegvis. Det kan vere eit håp. Så får vi sjå kor lenge han driv på, seier ein smilande og stolt far.
Mor Chanielle Bjørnland har fått lovnader om at trial er trygt.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKEtter ei tid hoppar Patrick av sykkelen, men ikkje utan eit mål. Han ser over løypa, slik som proffane ute i verda.
– Dei gjeng løypene først, for å sondere terrenget, fortel mamma Chanielle Bjørnland.
Ho likar hobbyen til far og son, men ...
– Er det ikkje farleg då?
– Nei, han har ein far som seier det ikkje er så farleg, seier Bjørnland og kremtar, før ho held fram: Så då får vi stole på det.
Litt hjelp må tre år gamle Patrick ha. For han elektriske motorsykkel er ikkje like robust som den store sykkelen til pappa Kenneth. Mor Chanielle passar på like framfor.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK