NRK Meny

Påstandar etter brannstifting

Aktor har lagt ned påstand om fengsel i tre og eit halvt år for den 15 år gamle jenta som er tiltalt for å ha tent på fleire barneverninstitusjonar, to av dei i Molde og to i Alta. Aktor meiner to år av straffa kan vere på vilkår. Forsvararen meiner jenta ikkje var tilrekneleg og la ned påstand om frifinning eller at ho blir behandla på mildast muleg måte. I tiltalen kom det fram at tre andre personar kunne mist livet under ein av brannane. Dom fell truleg fredag i neste veke.

Brann i Årølia i Molde
Foto: Roar Strøm / NRK