Hopp til innhold

- Mannskapet gjorde ein fantastisk jobb

Over 250 vart evakuerte då det starta å brenne i Hurtigruta Nordlys i dag tidleg. Ekteparet Joy og Norman Johnson seier det aldri var panikk.

Joy og Norman Johnson vart evakuert.
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Ekteparet kjem frå Colombus i Nord Carolina, og kom seg av båten uten dramatikk då det braut ut brann i motorrommet dag tidleg.

Les også:

Ikkje panikk

Joy Johnson takkar mannskapet etter det som skjedde.

– Ingen hadde panikk og alt gjekk effektivt for seg. Mannskapet gjorde ein fantastisk jobb med å få oss ut av båten, seier ho.

Verken ho eller mannen vart skremde av det som skjedde.

– Eg følte meg trygg heile tida, seier Norman Johnson.

Hurtigruten opplyser til NRK at ingen passasjerar vart skadde i brannen. Både dei to som døde og dei som vart skadde jobba på båten.

– Veldig trist

På kaia i Ålesund sto som vanleg Hurtigrute-entusiast Jan Arild Hagen i dag tidleg. Han forsto raskt at noko var gale då han såg røyk frå skipet under innseglinga i dag tidleg.

– Det er veldig trist at dette skulle skje, seier Hagen.

Jan Arild Hagen

Jan Arild Hagen tek alltid i mot hurtigruta på kaia i Ålesund. Han forsto fort at noko var gale i dag.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Alle passasjerane vart evakuerte til Rica Parken Hotell i Ålesund i dagtidleg. Det vart slått full katastrofealarm på Ålesund sjukehus.

Politiet er no sikre på at ingen er sakna i brannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL