Hopp til innhold

Passasjer: – Bussjåføren køyrde fint og etter trafikkreglane

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Fleirtalet av passasjerane om bord i ulykkesbussen i Valldal meinte bussjåføren køyrde fint og etter trafikkreglane.

Bussulykke Valldal

Passasjerane om bord i den ukrainske ulykkesbussen var fornøgd med køyringa til den tiltalte bussjåføren.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det kom fram i rettssaka mot den ukrainske bussjåføren som er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap etter ei alvorleg bussulykke i Valldal 30. juli i år.

Vitna kunne ikkje sjølv vitne i retten. Det blei difor lest opp intervju som blei gjort med passasjerane av politibetjentar etter ulykka.

Der kom det fram at den generelle oppfatninga til mange av passasjerane var at dei var fornøgd med køyringa og sjåførane på turen. Dei følte ikkje at bussen køyrde fort, og dei hadde god tid til å ta bilete.

Reagerte ikkje på køyringa

Ifølgje politibetjentane som gjorde intervjua sa mange av passasjerane at dei opplevde at bussen slakka ned farta når dei møtte bilar og at møtande bilar gjorde det same, spesielt når dei køyrde på smale vegar. Passasjerane skal også ha følt seg avslappa om bord i bussen.

Bussulykke Vallda

Fleire blei skadd og ein person omkom som følgje av bussulykka i Valldal.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Like før bussen køyrde av vegen og hamna på taket, hadde den ein samanstøyt med ein personbil, noko som øydela styresnekka på bilen og gjorde den umogleg å kontrollere.

Eit av vitna, som sat like bak bussjåføren, skal ha forklart at ho ikkje tenkte noko spesielt over situasjonen då ho såg personbilen kome i mot dei. Ho følte at bussen slakka ned, slik den brukte å gjere når dei møtte bilar, og reagerte heller ikkje på farta som bussen hadde.

Det var ikkje før ho høyrde eit smell i bussen at ho blei klar over at noko hadde skjedd. Eit anna vitne, som også sat bak sjåføren, sa omtrent det same og forklarte at ho ikkje la spesielt merke til personbilen før samanstøyten. Då ho høyrde ein skrapelyd på bussen, trudde ho at dei hadde punktert. Det var ikkje før ho såg at bussen fekk sleng at ho innsåg at noko var alvorleg gale.

Vidare fortalde den eine politibetjenten at ein av dei ho intervjua hadde følt at farta var litt høg med tanke på forholda, men sett bort ifrå det var den generelle oppfatninga at det ikkje var noko å utsette på køyringa.

Fokus på setebelte

Ifølgje politibetjentane skal vitna også ha forklart at det var stort fokus på bruk av setebelte, og at dei gjentatte gangar fekk beskjed om å bruke belte, både av reiseleiar og bussjåføren.

Nokre av vitna skal ha brukt sikkerheitsbelte, medan nokon forklarte at dei ikkje hadde hatt på seg belte då ulykka skjedde.

Uheldige omstende

I retten blei det også lest opp forklaringa til den andre bussjåføren som var med på turen. Han hadde blitt leigd inn for anledninga og sat som reservesjåfør då ulykka skjedde. Ifølgje han skal dei ha bytta sjåfør ofte og følgde reglane for kviletid.

Ifølgje han skal bussen ha slakka ned og lagt seg langt ut til sida for å gjere plass til eit møte. Han følte ikkje at farta til bussen var spesielt høg.

Sjåføren meinte at ulykka skuldast uheldige omstende, og skal ha forklart at han aldri hadde trudd at ein slik samanstøyt i den farta kunne påføre så mykje skade.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL