NRK Meny

Pass taket- no kjem mildveret

Det hastar med å fjerne snøen frå taket. Den milde lufta er allereie komen.

Det er mildvær i vente og det betyr nye farer for dei som har kjempa mot snømengdene denne veka.
No kjem takrasa, og det kan bli endå meir problematisk:

Solveig Bunes er redd for takras og spøker med at fotgjengarane i Ålesund burde hatt hjelm.

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Etter fleire dagar med store mengder snø, er det mildvêret som skal prege helga. Det er ikkje berre på vegane det kan skape farlege situasjonar. Faren for takras aukar og det er huseigars ansvar å fjerne snøen. Fredag var mange huseigarar i Ålesund i gang med snørydding frå dei høge bygardane. Ein av dei som kikar uroa opp på snøen, er Torstein Lorentzen, som driv frisørsalong i Ålesund.

– Den snøen der er skummel, seier Lorentzen. På taka ligg det tonnevis med snø.

Fare for takras

Det er sett opp skilt fleire stader i Ålesund for å gjere folk merksame på rasfaren.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Trur det blir verre

Merete Bjørdal er fotgjengar som både må passe seg for glatte fortau og for rasfaren frå hustaka. Ho er redd for takras, men fryktar at det blir endå verre no når mildvêret set inn.

Ålesund kommune har sett i gang ryddinga på hustaka. Dei har rutine på å sjekke alle plassar dei har ansvar for og dersom dei ser snø som må fjernast, har dei ein gjeng som tar seg av det. Det betyr at det kan vere vanskeleg for forgjengarane å ta seg fram medan ryddearbeidet går føre seg.

.– Fotgjengarane må kike opp og heller gå ut i gata, seier Jens Ekrem, som er avdelingsingeniør i Ålesund kommune.

Kan få straff

Huseigar pliktar å rydde både tak og fortau, og konsekvensen av å bryte politivedtektene kan bli alvorlege.

– I verste fall kan dei bli straffeansvarlege, både etter politilova og straffelova, dersom det er alvorleg nok, seier politiadvokat Lena Romestrand.

Skulle hatt hjelm

Solveig Bunes ser skilta med «fare for takras» over alt der ho går. Alternativet er rett og slett å gå på bilvegen i staden for fortauet.

– Det ser teit ut å gå rundt i byen med hjelm, men det er kanskje det vi skulle hatt, ler Bunes.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.