Leiar i Ørsta viltnemnd, Knut Skarbø, ber bilførarane passe ekstra godt på.
To påkøyrslar dagleg
Politiet i Møre og Romsdal får i gjennomsnitt melding om to påkøyrslar av hjort per dag. Dei stadfestar at Vartdalstranda er ei spesielt utsett strekning. Ekstra merksame bør sjåførar i følgje politiet også vere på Stette i Skodje kommune og på Vigra. Som regel slepp ein personskader ved slike uhell, men sjåførane får seg ein støkk, fortel Knut Skarbø.