Hopp til innhold

Pasientombod også for sjukeheimane

Regjeringa går inn for at pasientomba skal utvide arbeidsområdet sitt. På høg tid, seier fylkesleiar i eldrerådet Rikard Olsvik.

Pasient
Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

I dag tek dei hand om klagesaker i sjukehusa, men no skal dei også hjelpe pasientar som møter vanskar i kommunehelsetenesta.

Etterlengta

Eldrerådet har i ei årrekke etterlyst eit pasientombod for folk som føler seg urett behandla på sjukeheimar, aldersbustader eller i heimetenesta.

Når personar blir plassert på eit lagerrom eller på badet på sjukeheimen, fordi det ikkje finst andre rom, har dei ingen stad å sende klagen sin. No vil regjeringa at dagens pasientombod i kvart fylket også skal ta hand om slike saker, men ordninga vil ikkje tre i kraft før Stortinget har gitt si tilslutning.

Prøver å hjelpe

Fungerande pasientombod Runar Finvåg helsar ordninga velkomen for etterspurnaden frå denne pasientgruppa er allereie stor.

-  Så mykje som 25 prosent av førespurnadene til pasientombodet omhandlar kommunehelsetenesta. Dette ligg utafor vårt område, men vi prøver å hjelpe litt likevel.

Fleire tilsette

Pasientombodet kan likevel ikkje formelt behandle desse sakene. Når arbeidsmengda aukar, håpar dei også å få fleire tilsette. Dete støttar også eldrerådet i fylket.

- I dag er dei berre eit par stykker, så dei må iallfall ha minst ei stilling til for å kunne gjere jobben på ein skikkeleg måte, seier Rikard Olsvik, fylkesleiar i eldrerådet.

(NRK).