Kjetil Saugestad er fysioterapeut i Langevåg i Sula. Det vart ein litt rar arbeidsdag måndag, etter at dottera fortalde han at David Bowie var død.
– Eg reagerte med sorg. Musikken hans var heilt spesiell. Eg kunne høyre han igjen og igjen.
Så seint som fredag kom den siste plata til David Bowie. På sangen Lasarus høyrest det ut som David Bowie veit kva som skal skje.
- Ikkje tyggegummi-musikk
– Dette er ikkje nokon fløyelsmjuk tyggegummi-musikk som berre blir gitt ut for å få ein listetopp.
- Les også: La oss danse nå!
46-åringen har vore Bowie-fan sidan 20-årsalderen. Han har vore på fire konsertar med engelskmannen med den særeigne stemma. Heime har han vinylplater og CDar med favortittartisten
– Det første eg tenkte var at dette er eit stort tap for rocken og popen. Verda blir aldri den same, musikalsk sett.
– For meg var han guden. Han var uredd og tøff. David Bowie brydde seg ikkje om kva andre gjorde og meinte. Han ga ut det han ville på plate.
Ein vanskeleg dag
Ved fysioterapeutbenken i Devoldfabrikken er det vanskeleg å konsentrere seg. Han har mista ein han har eit sterkt forhold til. Kjetil Saugestad må ofte innom skjermen for å sjekke kva som står om det store idolet hans.
- Les også: David Bowie er død
– Eg er ikkje åleine. Det var mange som forguda han. Bowie betydde mykje for mange.
– Kan engelskmannen sin musikk verke lindrande for folk med ryggplager?
– Ja, eg må vedgå at fleire av kundane mine har fått høyre Bowie medan dei har lege på magen akkurat her, seier han smilande.
- Les også: Norske artister hyller Bowie
Musikkens Picasso
Trebarnsfaren trur interessa for Bowie no vil auke:
– Han er den viktigaste og mest innovative soloartisten verda har sett, seier Kjetil Saugestad i Sula:
– Nokon sa i dag at han var musikkens svar på Picasso. Det var god sagt.