NRK Meny
Normal

Pasientane får høyre Bowie

Folk med dårleg rygg får høyre David Bowie når dei ligg på magen på benken. Fysioterapeuten i Langevåg sørger over favorittartisten.

Kjetil Saugestad

Fysioterapeuten må gjere jobben sin, sjølv om han nettopp har fått melding om at favorittartisten er død. Fleire av pasientane har fått høyre Bowie medan dei har lege rett ut på benken.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kjetil Saugestad er fysioterapeut i Langevåg i Sula. Det vart ein litt rar arbeidsdag måndag, etter at dottera fortalde han at David Bowie var død.

PEOPLE-BOWIE-DEATH Two women stop at a mural of David Bowie in Brixton, south London

Over heile verda sørger folk etter at David Bowie er død,

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

– Eg reagerte med sorg. Musikken hans var heilt spesiell. Eg kunne høyre han igjen og igjen.

Så seint som fredag kom den siste plata til David Bowie. På sangen Lasarus høyrest det ut som David Bowie veit kva som skal skje.

- Ikkje tyggegummi-musikk

– Dette er ikkje nokon fløyelsmjuk tyggegummi-musikk som berre blir gitt ut for å få ein listetopp.

46-åringen har vore Bowie-fan sidan 20-årsalderen. Han har vore på fire konsertar med engelskmannen med den særeigne stemma. Heime har han vinylplater og CDar med favortittartisten

Kjetil Saugestad

– Det er ein tung dag. Bowie var den beste, seier Kjetil Saugestad i Sula.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det første eg tenkte var at dette er eit stort tap for rocken og popen. Verda blir aldri den same, musikalsk sett.

– For meg var han guden. Han var uredd og tøff. David Bowie brydde seg ikkje om kva andre gjorde og meinte. Han ga ut det han ville på plate.

Ein vanskeleg dag

Ved fysioterapeutbenken i Devoldfabrikken er det vanskeleg å konsentrere seg. Han har mista ein han har eit sterkt forhold til. Kjetil Saugestad må ofte innom skjermen for å sjekke kva som står om det store idolet hans.

– Eg er ikkje åleine. Det var mange som forguda han. Bowie betydde mykje for mange.

Kjetil Saugestad

Kjetil Saugestad må sjekke alt som blir skrive om David Bowie i dag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Kan engelskmannen sin musikk verke lindrande for folk med ryggplager?

– Ja, eg må vedgå at fleire av kundane mine har fått høyre Bowie medan dei har lege på magen akkurat her, seier han smilande.

Musikkens Picasso

Trebarnsfaren trur interessa for Bowie no vil auke:

– Han er den viktigaste og mest innovative soloartisten verda har sett, seier Kjetil Saugestad i Sula:

– Nokon sa i dag at han var musikkens svar på Picasso. Det var god sagt.

Laster Twitter-innhold