Hopp til innhold

Pasientane blir liggande på sjukehusa

Ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal har talet på pasientar som blir liggande etter at dei eigentleg er utskrivingsklare, auka med nesten 100 prosent frå første halvår i fjor til i år. Det skriv VG.no.

Barneavdeling Ålesund

Ålesund sjukehus har flest overliggardøgn.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Av sjukehusa i helseføretaket er det Ålesund sjukehus som har flest overliggardøgn, og ein auke på over 200 prosent frå første halvår i fjor.

Konsekvensen av at pasientar blir liggande er at det gir auka sjukefråver blant tilsette, det blir fleire korridorpasientar og det blir manglar i oppfølginga og det blir dyrt for kommunane.

Får for fire år sidan tok kommunane over ansvaret for utskrivingsklare pasientar frå dag ein, gjennom samhandlingsreformen. Og dersom ein pasient ikkje får eit kommunalt tilbod, men må vente på sjukehuset, inneber det dagbøter for kommunane, skriv VG.no.

Britt Valderhaug Tyrholm

Britt Valderhaug Tyrholm seier til VG at når kommunane ikkje tar imot utskrivingsklare pasientar, gir det store utfordringar for sjukehusa.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Tal som NRK har henta inn viser at frå 2012 til og med 2014 betalte norske kommunar over 460 millionar kroner i slike dagbøter.

– Talet på pasientar som har blitt liggande er svært høgt og har gitt store utfordringar i drifta, seier samhandlingssjef Britt Valderhaug Tyrholm i Helse Møre og Romsdal til avisa.

Til same avis vedgår kommunalsjef for helse og velferd i Ålesund kommune, Liv Stette, at dei har auka mottakskapasiteten, men at det ikkje har vore nok.