Hopp til innhold

Listhaug er tilbake – no er fire Frp-statsrådar frå Møre og Romsdal

– Fantastisk! Ei knakande god nyheit, seier leiaren i Møre og Romsdal Frp etter Sylvi Listhaug sitt regjeringscomeback.

Listhaug

COMEBACK: Sylvi Listhaug er tilbake som statsråd, denne gongen som eldre- og folkehelseminister.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Dryge 13 månader etter at Sylvi Listhaug på dramatisk vis måtte forlate regjeringa er ho inne igjen, denne gongen som eldre- og folkehelseminister.

Det gler mange i heimfylket Møre og Romsdal, som i mange år har vore ein bastion for Framstegspartiet.

– Ho er ein knakande dyktig politikar og ein av dei mest populære i landet. Det får eg høyre stort sett kvar dag. Det er veldig gledeleg at Sylvi er tilbake i regjeringa, seier Frank Sve, leiar i Møre og Romsdal Frp.

Frank Sve

GLER SEG: Leiar i Møre og Romsdal Frp, Frank Sve. At politiske motstandarar ikkje gjer det same tek ikkje Sve tungt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Eit sterkt ønske

Ifølgje Sve blir Sylvi Listhaug ein tydeleg politikar i regjeringa.

– Ho er ein god talsperson for dei viktige sakene til regjeringa. Eldreomsorg er eit svært viktig område for regjeringa. Å få Sylvi inn der er svært positivt, meiner Sve.

Han har fleire gonger sagt at Sylvi Listhaug burde fort igjen inn i regjeringa etter at ho valde å gå av i mars 2018.

Lodve Solholm

FRP-VETERAN: Lodve Solholm, som var fylkesmann i Møre og Romsdal frå etter at han gjekk ut av Stortinget i 2009 og fram til i fjor.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Både våre veljarar og våre tillitsvalde har ønskt Sylvi inn igjen i regjeringa, seier Sve.

Lodve Solholm har fått mykje av æra for at Framstegspartiet har vore så store i Møre og Romsdal. Han sat på Stortinget i fire periodar mellom 1989 og 2009, var ein av Carl I. Hagen sine næraste støttespelarar – og kjem i likskap med Listhaug frå Ørskog.

– For meg er det ikkje uventa at Sylvi er tilbake i regjeringa. Ho ei drivande flink kvinne som eg har stor tiltru til, seier Solholm.

Sylvi Listhaug og Frank Sve

FRÅ BASTIONEN: Frank Sve og Sylvi Listhaug er begge profilerte politikarar frå Møre og Romsdal Frp.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fire frå Møre og Romsdal

Både Sve og Solholm kan glede seg over at heile fire Framstegsparti-politikarar frå Møre og Romsdal er inne i regjeringa.

I tillegg til Sylvi Listhaug er både Jøran Kallmyr (justis- og beredskapsminister), Jon Georg Dale (samferdselsminister) og Harald Tom Nesvik (fiskeriminister) inne i det gode selskapet.

– Vi har gjort ein solid jobb med omsyn til organisasjonsbygging og å bygge opp personar. Derfor er vi det desidert største Frp-fylkeslaget i landet. Vi har levert dyktige folk til Stortinget og til regjeringsapparatet i mange år. Det haustar vi fruktene av i dag. At vi får fire statsrådar frå Møre og Romsdal er heilt fantastisk, jublar Frank Sve.

Sylvi Listhaug

ØRSKOG: Sylvi Listhaug heime på garden på Sjøholt i Ørskog sommaren 2017. Om to år flyttar ho heim med familien.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Flyttar heim

Totalt er det faktisk fem frå Møre og Romsdal i regjeringa. Utviklingsminister Dag Inge Ulstein er frå Sula på Sunnmøre.

Torsdag kom Sunnmørsposten med nyheita om at Sylvi Listhaug flyttar heim til Ørskog på Sunnmøre i 2021. Men ho har planar om å bli pendlar etter den tid.

Listhaug har sjølv erfaring frå eldreomsorga i heimbygda. Ifølgje Wikipedia jobba ho som pleieassistent ved Ørskog aldersheim mellom 1995 og 2000.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL