NRK Meny
Normal

– Det er eit sjokk for oss alle

– Det er vanskeleg å prate om sidan det framleis er så nært, fortel styreleiaren i SK Træff, Tina Veitsle Skarpsno.

Flagging på halv stang

I går hang flagget på halv stong ved Træffhuset i Molde.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Det var den 22 år gamle Træffspelaren Mats Karlsen Amundsgård frå Molde som søndag føremiddag vart funnen død i Moldeelva.

Styreleiar i SK Træff, Tina Veitsle Skarpsno, seier at det er viktig å halde saman i denne tunge tida.

– Vi tar det veldig tungt alle saman. Vi er i sjokk, fortel Skarpsno.

Viktig å vere saman

Skarpsno oppfordrar alle til å halde saman og meiner at det er viktig å passe på kvarandre.

– Han var ein veldig snill og god gut – veldig godt likt av alle. Det er vanskeleg å prate om sidan det framleis er så nært. Vi prøver å kome oss gjennom det saman, og det viktigaste vi tenker på er at alle skal ha nokon å prate med, seier styreleiaren.

Skarpsno opplyser at Træffhuset er opent dei nærmaste dagane, og i kveld frå klokka 17.30 vil kriseteamet vere på plass. I kveld vil det også vere ei minnestund klokka 19.30.

– Vi opna Træffhuset i går for å samle spelarane, og for å vere saman. Det syns vi er veldig viktig i denne tida, seier ho.

– Det er eit sjokk for oss alle

Torgeir Dahl

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, fortel om kriseteam som vil vere tilgjengeleg for pårørande.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er spesielt når slikt skjer, og det er sjølvsagt ekstra spesielt når det er ein ung person. Dette er ei tragisk ulykke, og det er eit sjokk for oss alle, seier ordføraren.

Oppretta kriseteam

– Det vert no sett opp eit apparat, og det apparatet er tilgjengeleg for alle som kjenner eit behov for det. Det er viktig at vi no har ressursar for alle som har behov for det, seier Dahl.

Politiet er svært interessert i å få kontakt med fleire som kan ha høyrt eller sett noko ved den aktuelle staden i tidsperioden laurdag kveld til søndag føremiddag. Dei har oppretta to telefonnummer for tips om den tragiske hendinga i Moldeelva, ved brua i Moldelivegen. Dei to nummera er 71 19 20 46 og 994 47 252.

Borna som fann Mats i elva

Gutar i barneskulealder skal ha stått på brua på Moldelivegen og kasta stein då dei såg ein livlaus person i elva.

– Vi veit ikkje kor lenge han har lagt i elva, opplyser operasjonsleiar Jan-Erik Kjelle til NRK.

Ordføraren fortel at desse gutane får tett oppfølging av kriseteamet, og det vert sett inn spesialressursar viss det er nødvendig.

Framleis ukjent dødsårsak

Politiet opplyser at dødsårsaka førebels er ukjent.

– Avdøde vil bli obdusert for å få svar på kva som er dødsårsaka, seier etterforskningsleiar ved Molde politistasjon, Kjell O. Moen.

Obduksjonen vil truleg bli gjennomført måndag, men politiet vet ikkje om den vil bli gjort i Molde eller i Trondheim.