Hopp til innhold

Pårørande meir tilstades

Helse Møre og Romsdal opnar no for at fødande kan få ha pårørande meir til stades før, under og etter fødsel. Smittevernoverlege Jørn Inge Longva seier at det er kontroll på situasjonen i fylket, men at ein kan vente seg at fleire kan bli smitta i tida framover. Longva viser likevel til at det har gått bra, sjølv om skular og barnehagar har opna igjen.