- Foreldra må vere både advokat og psykolog

Foreldre er redde for at deira utviklingshemma born skal bli plasserte i passive dagtilbod. Dei meiner NAV bør ta ansvar for å få også utviklingshemma i arbeid.

Video Utviklingshemma i arbeid

Ikkje alle er så heldige at dei har ein jobb å gå til. Pårørande krev at NAV tek ansvar.

Det fins arbeidsplassar for dei som er utviklingshemma. Men alt for mange hamnar på passive og lite inspirerande dagtilbod, meiner dei pårørande. Dei dovnar, blir klientar og tappar kommunane for pengar.

– Kommunane får rekninga

Jan Osborg, leiar i NFU, Ørsta/Volda

Jan Osborg, leiar i Norsk forbund for utviklingshemma, Ørsta/Volda. Han meiner NAV må gjere meir for denne gruppa.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Jan Osborg er leiar i Norsk forbund for utviklingshemma i Ørsta og Volda. Han meiner både kommunane og NAV må ta større ansvar for denne gruppa.

– Eg utfordrar kommunane til å seie til NAV at dei må hjelpe også utviklingshemma ut i arbeid.

– Dei har på lik linje med alle oss andre rett til å få hjelp til å kome i arbeid. Eg er redd at NAV ikkje prioriterer dei, og dermed gir rekninga til kommunane, seier Osborg.

Eg ser på damene, jobbar og står på.

Espen Mjønes, fast jobb på Rema1000

I full jobb

20 år gamle Espen Mjønes er ferdig med vidaregåande, og har fast jobb på Rema 1000 i Ulsteinvik. Han har Downs syndrom, men det gjer ingenting.

– Det er gøy å ha ein jobb. Ikkje berre sitje og sjå på TV heile tida, seier Mjønes.

Espen Mjønes, butikkmedarbeidar Rema 1000

Espen Mjønes har fast jobb som butikkmedarbeidar på Rema 1000.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Han har ein variert og krevjande arbeidskvardag. I det norske inkluderingssamfunnet er det heilt uvanleg at ein psykisk utviklingshemma har fått fast jobb på Rema 1000. Det ligg knallhardt arbeid bak.

Torgeir Mjønes

Torger Mjønes har kjempa hardt for at sonen skal få den hjelpa han har krav på.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

– Som foreldre må du vere både advokat og psykolog. Du må vere ein motivator, samtidig som du må vite kva rettar du har. Dette er ein kontinuerleg prosess. Det kan vere slitsamt i periodar, men samtidig er det ein kamp du berre må stå i, seier pappa Torger Mjønes.

– Høg prioritet

NAV-leiinga seier at utfordringane er store og samansette.

– Noko av kritikken kan nok vere på sin plass, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV.

Han meiner likevel utviklingshemma har høg prioritet både hos NAV og kommunane.

LES OGSÅ:

Video Studiodebatt om utviklingshemma og arbeid

Sjå debatt mellom Svein Rune Johannesen (Ap) og Knut Fylling (FrP) om kven som har den beste politikken for å få utviklingshemma i arbeid. Debattleiar Jon-Arne Akselsen.

– Uroa

Foreldra krev at NAV gjer meir enn å love. Leiaren i Norsk forbund for utviklingshemma i Ørsta og Volda, Jan Osborg, har sjølv ein 18-åring som snart skal ut for å finne seg arbeid.

– Eg er redd for at han ikkje får den hjelpa han burde fått i NAV, og at det blir eit dagtilbod innanfor kommunen som er alternativet, ja.

Espen Mjønes

Espen Mjønes har ein krevjande arbeidskvardag, og trivast svært godt. Slik kunne fleire utviklingshemma hatt det om systemet fungerte, meiner Norsk forbund for utviklingshemma.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK