NRK Meny
Normal

– Eg var redd for hemn mot mor mi

Pårørande fryktar represaliar om dei klagar på forholda ved sjukeheimane i Noreg. – Dette må det bli slutt på, seier pasientombodet.

Pårørande fryktar represaliar om dei klagar på forholda ved sjukeheimane. Dette får Pasient- og brukarombudet inn mange meldingar om.

Pårørande tør ikkje klage på sjukeheimane

Runar Finvåg

Pasient- og brukarombod Runar Finvåg meiner det skal vere enkelt å ta opp problematiske forhold ved sjukeheimar i Noreg.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi får inn mange meldingar om dette, kan Runar Finvåg melde.

Han er pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, og fortel at svært mange pårørande er redde for å ta opp problematiske forhold med kommunen.

– Dei fryktar represaliar mot dei gamle. Dette er ikkje bra, slår han fast.

Har ikkje tort å prate om det

Inger Bruaset har hatt ei mor med demens på ein sjukeheim i Møre og Romsdal gjennom fleire år.

Først no, etter at mora er død, tør ho å prate om kor vanskeleg det var å ta opp forhold som kunne gjere behandlinga betre.

– Du føler liksom at du trakkar oppi noko som du ikkje heilt veit konsekvensen av, seier Bruaset.

Ho følte ho blei oppfatta som masete.

– For eg var nok den som tok opp ting ganske jamt, då det var ting eg gjerne ville ha forandra eller retta på.

Torgeir Dahl

Høgre-ordførar i Molde la seg førre veke langflat etter Glomstua-saka. Ingjerd Bruaset meiner kommunar i Noreg må passe betre på og bruke pengane på det som er viktigast.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Redd for hemn

Mange andre stadar enn der Bruaset si mor budde er det òg mykje å rette på. Mellom anna ved Glomstua i Molde der tre eldre har budd saman på same rom over lengre tid.

Trass i mange vanskelege situasjonar er pårørande redde for å klage.

– Redd for den vesle moglegheita for at det kan bli ei hemn mot pasienten, fortel Bruaset.

– På kva måte kan det bli hemn?

– Nei, det kan bli at dei får dårlegare behandling.

Ting kan bli tolka feil

Bruaset meiner òg at mange nok er redde for at forslag til betring kan bli oppfatta som kritikk mot personar.

Ingjerd Bruaset

Ingjerd Bruaset var redd for hemn mot mora dersom ho sjølv påpeikte vanskelege forhold.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det eine her er at eg er redd for at dei som arbeider ved sjukeheimen skal ta det som kritikk personleg. Det andre element i miljøet som kan gjere det vanskeleg å ta seg av mor mi, og at ho kanskje vill oppleve negative ting som ei følgje.

Pasient- og forbrukarombod Finvåg meiner det er svært positivt at Bruaset tek opp problemstillinga.

– Det er veldig bra at ein får sett lys på den. Eg trur det kan hjelpe andre òg.

– Det skal ikkje vere problematisk å ta opp negative ting når ting ikkje er som det skal, slår Finvåg fast.

Bruaset meiner det er svært viktig at folk flest får med seg problemstillingane.

– Men politikarane spesielt.

– Pengelens er dei heile tida, men vi ser stadig at dei har pengar til det dei vil, og til det dei sjølve synest er prisverdig, avsluttar ho.