Pårørande er uroa etter sjukeheimsdødsfall

Pårørande til gamle på sjukeheim er uroa etter fleire dødsfall dei siste dagane. Styresmaktene seier at dei har god oversikt over sjukeheimssmitte og at dei ikkje fryktar svenske tilstandar.

Pårørande Gullstøltunet sjukeheim

Eli Merete Rikstad og Gunnar Olaisen håper at Gullstøltunet sykehjem klarer å stanse spreiinga av smitte.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK Vestland

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Fredag døydde endå to bebuarar ved norsk sjukeheimar. Ved Gullstøltunet sykehjem i Bergen er tre døde av koronaviruset og fleire er smitta.

Eli Merete Rikstad har mora si på ei av dei andre avdelingane. Ho er bekymra, sjølv om ho synest sjukeheimen har vore flinke til å isolere dei det gjeld og gi pårørande informasjon.

– Eg las i avisa at dei ikkje kjem til å prioritere dei eldste på sjukeheimane. Derfor håpar eg at desse som er her vil klare seg. Eg trur Gullstøltunet vil klare å stoppe spreiinga med dei tiltaka dei har gjort, men vi veit jo ikkje, seier Rikstad.

Gunnar Olaisen, som også har mora si på sjukeheimen, fryktar at smitten skal spreie seg. Han trur sjukeheimen har tatt dei riktige grepa og har stor tiltru til både leiinga og personalet

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Johan Torgersen

Johan Torgersen er divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Fryktar ikkje svenske tilstandar

Fleire stader i landet har eldre døydd på sjukeheimar etter koronasmitte, men langt ifrå i eit slikt omfang som i Sverige.

Sveriges Radio melder om smitte eller mistanke om smitte på kvar tredje sjukeheim. Helsedirektoratet avviser at dei fryktar svenske tilstandar og seier at dei gjer alt dei kan for å unngå det.

– Vi jobbar svært systematisk med å unngå smitte på sjukeheimane. I Noreg innførte vi tidleg strenge kontrollerande tiltak på alle helseinstitusjonar, inkludert sjukeheimane, seier Johan Torgersen, som er divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Han meiner det er god oversikt over smitten også på sjukeheimane og at dei som er smitta ikkje bur saman med dei friske. Ifylgje TV 2 er det påvist smitte av tilsette på 26 sjukeheimar i Oslo.

To døde i Giske

Mary-Ann Myrhol Sæth

Mary-Ann Myrhol Sæth har mora si ved Giske Omsorgssenter, der to personar er døde av korona.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Også innanfor veggane på Giske omsorgssenter på Sunnmøre er det koronasmitte. Denne veka har to bebuarar døydd av sjukdomen. Det siste dødsfallet skjedde i dag, fredag.

Å vite at det er smitte på sjukeheimen er ikkje nokon god tanke for Mary-Ann Myrhol Sæth. Hennar snart 100 år gamle mor bur der. Sæth set pris på at pleiarane sender henne meldingar og bilete av mora.

– Eg føler ho er godt vareteken. Ho er jo i risikogruppa, så det er klart eg tenker på det. Eg veit at alle på sjukeheimen gjer så godt dei berre kan, seier Sæth.

Klarer ikkje spore smitten

Beate Husa, Helsebyråd Bergen kommune

Helsebyråd Beate Husa seier at det er ein krevjande situasjon ved Gullstøltunet.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Både ved omsorgssenteret på Giske og ved Gullstøltunet sykehjem i Bergen er det framleis uklart kvar den første pasienten fekk smitten frå.

– Vi kan ikkje utelukke at smitten kjem frå tilsette eller pårørande. Dette fordi vi veit at nokon av dei som blir smitta med covid-19 har svært milde symptom, eller er symptomfrie, skriv Anita Johansen i ein e-post til NRK. Ho er etatsdirektør for sykeheimane i Bergen.

NRK har bedt om innsyn i smittesporinga på Gullstøltunet, men kommunen ynskjer ikkje å gi denne av omsyn til personvern.

Helsebyråd Beate Husa i Bergen kommune omtaler situasjonen på Gullstøltunet som krevjande.

– Men så langt verkar sjukeheimen å ha kontroll på spredninga, som avgrensar seg til ei avdeling der alle bebuarane er isolerte, seier Husa. Fredag testa ein ny bebuar på sjukeheimen positivt på covid-19.

Fryktar opning av sjukeheim

For Eli Merete Rikstad i Bergen er det aller såraste å ikkje ha kontakt med mora. Fordi mora har demens og har dårleg syn og høyrsel, fungerer det ikkje å snakke på telefon eller Skype. Ho kryssar fingrane for at smittesituasjonen er over snart. Ho skulle gjerne ha vore inn og klemt mora, men veit at når sjukeheimen opnar att, kan det bli ny smitte.

– Eg er redd for den dagen dei opnar igjen. Då er smittespreiinga større og eg trur det er mykje mørketal, seier Rikstad.

Gullstøltunet sjukeheim

Tre bebuarar ved Gullstøltunet sykehjem i Bergen er døde etter koronasmitte.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK Vestland

Status Norge

Sist oppdatert: 01.06.2020
8442
Smittet
29
Innlagt
236
Døde