Hopp til innhold

Paragliderulykke på Emblemsfjellet

AMK melde klokka 20.17 at ein paraglider styrta i bakken like ved skiheisa i Spjelkavik i Ålesund. Personen er frakta til sjukehus med helikopter. Tilstanden er alvorleg, men stabil.

I dette området skal paraglideren ha styrta

Ved skiheisane Spjelkavik: I området her skal paraglideren ha styrta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var ein mann i 40-åra som var i ei styrt-ulykke med paraglider på Emblemsfjellet rundt klokka 19.00 i kveld. Mannen er no på intensivbehandling på Ålesund sjukehus med alvorlege skader. Tilstanden er stabil. Det melder Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding no i kveld.

Tidlegare i kveld sa politiet dette:

Personen som flaug med paraglideren ligg eit stykke nedanfor i lett tilgjengeleg terreng, fortel Jon Brattland, opersjonsleder for politiet på Sunnmøre.

Personen skal ha vore i kontakt med folk.

Personen er no frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus.

Operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre, Jon Bratland, fortel at det er ein 45 år gamal mann som har vore utsett for ulykka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL