Hopp til innhold

Paraglider landa i lyktestolpe

Paraglideren skulle lande på Øran stadion i Rauma, men hekta seg fast i ein lyktestolpe. Redninga vart stigebilen til brannvesenet.

Paraglider i lyktestolpe i Rauma

Paraglideren sat fast ca. 25–30 meter over bakken, ifylgje brannvesenet.

Foto: tipsar

Det var klokka 18.15 tysdag at 110-sentralen i Møre og Romsdal fekk melding om den uheldige utanlandske flygaren. Brannvesenet rykte ut med to brannbilar for å berge ned mannen, som hadde floge frå paragliderplassen på Andersmyra i Åndalsnes.

– Mannen hang etter skjermen i lyktestolpen ca. 25–30 meter over bakken, seier brannkonstabel Arve Kroken frå Rauma brannvesen.

Paraglideren sat godt fast og Kroken meiner det var lukka at skjermen la seg slik han gjorde. Dei brukte stigebilen for å kome seg opp til mannen og dei gjekk ikkje mange minutta før han var trygt i korga. Skjermen derimot, sat så godt fast at dei måtte skjere han laus.

Paraglider fast i lyktestolpe

Brannvesenet måtte bruke stigebilen for å hjelpe mannen ned frå lyktestolpen.

Foto: tipsar

– Mannen sa at han var profesjonell, men det veit eg ikkje heilt, ler Kroken.

På stadion føregjekk det fotballtrening og brannkonstabelen seier at alle barna stoppa opp for å filme mannen i lyktestolpen.

– Han kan vere glad for at han ikkje bur her på Åndalsnes, då hadde han fått høyre det i årevis, seier Kroken. Det er første gang han har rykt ut med stigebil for å berge ein paraglider frå ein lyktestolpe.